Desse vegane blir asfaltert i Rogaland i år

Asfaltsesongen startar no, og mange fylkesvegar i Rogaland får ny asfalt dei neste månadane.

Maskinar legg asfalt på ein veg - Klikk for stort bildeHer blir den første asfalten lagt i 2024. Den heldige vegen er fylkesveg 4370 Vigre

– Arbeidet med å leggja ny asfalt skjer heile døgnet.  Asfaltarbeid er støyande, og me forstår at arbeidet er forstyrrande for naboar. Grunnen til at arbeidet skjer òg på kveldar og nettar, er omsynet til trafikantane, fortel prosjektleiarane Christian Gryte og Torbjørn Jektnes i Rogaland fylkeskommune.

Rogaland fylkeskommune har skrive tre kontraktar for asfaltering og fresing med to entreprenørar, Velde Asfalt AS har fått del-kontrakt 1 for Nord-Rogaland. NCC Industry AS har fått del-kontrakt 2 for Dalane og Jæren, og del-kontrakt 3 for Nord-Jæren og Ryfylke.

Dei to leverandørane skal produsera og leggja om lag 55 000 tonn asfalt.  Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten, kanskje så lenge som november. Dette avheng av vêret. Prosjektleiarane Torbjørn Jektnes og Christian Gryte ber publikum visa omsyn og følgja skilting og dirigering.


– Ta omsyn til dei som jobbar.  Arbeidsfolk langs vegane er spesielt utsett for ulykker, poengterer Jektnes og Gryte.


PS! Det kan bli endringar undervegs.

 

Her kjem det til å lukte asfalt

Sør-Rogaland

Sør–Rogaland
Fylkesveg Kvar
Sokndalsvegen Eigersund
Tengesdal Bjerkreim
Eigeveien Eigersund
Buevegen
Vigre
Gilja - Byrkjedal Gjesdal
Fossmorkvegen Sandnes
Velandsvegen Strand
Randøy Ring Hjelmeland
Øksnevad - Ganddal Klepp
Ganddal - Sandved Sandnes
Lalandsveien Klepp
Undheimsvegen Time
Sola fv. 510 Sola
Regimentsveien Stavanger
Tastagata Stavanger
Ålgårdsvegen - Salen Time
Ålgårdsvegen  Time
Lyevegen Time
Finnestadveien Stavanger
Vikevåg - Heggland Stavanger
Heggland - Østhusvik Stavanger
Hanasandveien Stavanger

 

Nord-Rogaland

Nord-Rogaland
Veg Kvar
Utgang Hamratunnelen X fylkesveg 517 Jelsa Suldal
Stangelandsgata - Havnegata Karmøy
Heiå Karmøy
Kartmyr - Myrhaug Karmøy
Dreganesvegen Vindafjord
X Lodavegen - Alvestad Bokn
Kyrkjebakken Bokn
Gunnarstad - Boknabergsvatnet Bokn
Mellavatnet - Trosnavåg Bokn
Eikje X E39 - Kårstø Tysvær
GS Sandeidvegen Vindafjord