Akvakulturfaget 

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan akvakulturfaget på Strand vidaregåande skole.

To gutter står ved en tank med yngel - Klikk for stort bilde

Er du interessert i marinbiologi og mekanikk, og ønsker deg ein spennande læreplass innan akvakulturfaget? Då er ein læreplass på Strand vidaregåande skole noko for deg!  

På Strand vidaregåande skole har vi ein stor og moderne akvahall som drivast av skolens tilsette og lærlingar innan akvakulturfaget. Som lærling eller lærekandidat skal du jobbe med drift og kontroll av skolen sitt oppdrettsanlegg i akvahallen og på kaianlegget. Du vil lære korleis du steller, overvaker og fôrar fisk på anlegga. Hovudoppgåva di er å sikre at fisken har best mogleg levevilkår for vekst og utvikling.  

Arbeidsoppgåver:

  • varierte oppgåver innan akvakulturfaget i skolen sin moderne akvahall 
  • dagleg røkting av akvahall  
  • praktisere god hygiene og jobbe for å hindre sjukdom hos fisken 
  • gjennomføre rutinar og prosedyrar i akvahall og på kaianlegg 
  • delta på omvisingar i akvahall 
  • bruke digitale verktøy i oppdrettsproduksjonen 

Personlege eigenskapar 

Du er interessert i marinbiologi og mekanikk og trivst med å jobbe utandørs i all slags vêr. Du samarbeider godt med andre og er nøyaktig. Mykje av kontrollarbeidet i akvahallen er digitalt, og det er ein fordel at du har gode digitale ferdigheiter.  

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 naturbruk og Vg2 akvakultur 
  • du kan skrive og snakke godt norsk 
  • gode digitale ferdigheiter