Renholdsoperatørfaget

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan renholdsoperatørfaget på dei vidaregåande skolane våre og i fylkesadministrasjonen i Stavanger.

Lærlingar eller lærekandidatar deltek i skolen sitt reinhaldsteam og bruker moderne renholdsmetoder, maskinar og utstyr. Du lærer å planlegge og utføre profesjonelt reinhald etter bransjens hygiene- og HMS-krav. Skolane nyttar moderne digitale verktøy når dei planlegg det daglege reinhaldsarbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • arbeide etter ulike renholdsmetoder
  • dagleg og periodisk reinhald
  • maskinelt reinhald
  • arbeide etter hygiene- og HMS-krav
  • bruk av digitale verktøy i arbeidet

Personlege eigenskapar 

Du ønsker å lære og er fagleg interessert, og du samarbeider godt med andre. Du må vere serviceinnstilt, ha god orden og like ein fysisk aktiv kvardag.

Kvalifikasjonar:

  • Du skal ha fullført og bestått Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Annan relevant utdanning og praksis kan erstatte Vg1-kravet. Dersom du har ein annan fagleg bakgrunn, kan det påverke lengda på læretida di. Kor lang ei læretid skal vere blir avgjort i kvart enkelt tilfelle.