Faktura frå Rogaland fylkeskommune

Alle fakturaer frå Rogaland fylkeskommune blir forsøkt sendt digitalt via EHF, eFaktura, Vipps eller Digipost. Viss dette ikkje er mogleg, vil fakturaen bli sendt i papirform i postkassa.

For meir informasjon om dei ulike digitale kanalane:

EHF-faktura

Bedrifter/organisasjonar som er registrert som EHF-mottakar i Peppol vil få fakturaen som EHF.

eFaktura

Privatpersonar som har inngått automatisk avtale om eFaktura i banken sin (til dømes kryssa av «Ja takk til alle»), vil få fakturaen som eFaktura.

Faktura via Vipps

For å få fakturaen i Vipps, må denne tenesta vere aktivert. Dersom du har oppdatert Vipps-appen nyleg, så ligg denne tenesta automatisk inne. Viss du ikkje ønsker å få fakturaer i Vipps må du gå inn og deaktivere dette.

Faktura i Digipost

Føresetnaden for å få fakturaen i Digipost, er at du allereie har ei digital postkasse og at du ikkje har reservert deg mot digital post frå det offentlege.

Kontakt regnskap

Dersom de lurer på noko rundt fakturaer de har fått frå Rogaland fylkeskommune, så kan de ta kontakt med e-postadressa som står på fakturaen eller innfordring@rogfk.no