Vilkår for kurs og arrangement

Fylkeskommunen arrangerer ei rekke kurs og arrangement. Fleire er gratis å delta på, men nokon har òg deltakaravgift. Du finn meir informasjon om dette under det enkelte arrangementet.

Påmelding

Du melder deg på eit kurs eller arrangement ved å nytte påmeldingsskjema til det aktuelle arrangementet. Alle påmeldingar må vere skriftlege og er bindande.

Pris og betaling

Deltakarpris, pris for dagpakkar eller bevertning står oppgitt under kvart enkelt arrangement.

Vi nyttar ulike former for betaling. Dette kan vere faktura, Vipps eller betalingskort. Meir informasjon finn du under det enkelte arrangementet.

Endringar og avbestillingar

Kurs, webinarer, konferansar og seminar blir halde i samsvar med oppgitt tidspunkt for dei enkelte arrangementa.

  • Alle endringar eller avbestillingar skal skje skriftleg.
  • Avmelding før ordinær påmeldingsfrist, sjå vilkår for det aktuelle arrangementet.
  • Ved avmelding etter ordinær påmeldingsfrist:
    • vil kursavgift bli belasta kursdeltakar
    • vil førehandsbetalt kursavgift ikkje bli refundert
  • Deltakarplassen kan overførast til ein kollega. Dette må avtalast med kontaktpersonen for det enkelte arrangementet.

Avlysing og force majeure

Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal deltakarar for å gjennomføre arrangementet. Ved avlysing grunna for få deltakarar vil betalt inn avgift bli refundert.

Hendingar utanfor kontrollen vår som for eksempel streik, lock-out, brann eller liknande (òg kalla force majeure) gir oss rett til å avlyse arrangementet utan erstatningsplikt ovanfor kursdeltakaren.

Byte av foredragshaldar

Vi reserverer oss retten til å byte oppsett forelesar utan at deltakarane blir varsla.

Reklamasjon og klage

Ved reklamasjon eller klage, ta kontakt med arrangør. Kontaktinformasjon er oppgitt under det enkelte arrangementet.

Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar med godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling.