Send post via eDialog
Tenesta krev sikker identifisering, som for eksempel BankID, BankID på mobil eller MinID.
Skriv inn
- kven som skal ha innhaldet (for eksempel saksbehandlar, avdeling, skole, avdeling hos tannhelse eller liknande)
- kva saka gjeld i kommentarfeltet
- saksnummer i tittel-feltet viss du sender oss noko om ei pågåande sak, for eksempel "2022/1310 namnet på saka"
Når du lastar opp vedlegg, koplast dei direkte til sendinga di i saks- og arkivsystemet vårt.
Hugs: Ei sending eller førespurnad per person (elev eller lærling og liknande).
Når kan eg nytte eDialog?
- når du sender post med konfidensielle opplysningar
- når du sender dokument til eksisterande sak
- når du sender andre dokument
Når kan eg ikkje nytte eDialog?
- viss fylkeskommunen tilbyr eigne elektroniske skjema til formålet
- viss du har generelle førespurnader (send heller ein vanleg e-post)
Nyttig å vite når du fyller ut eDialog-skjema
- Beskriv kva sendinga handlar om i tittelen. Har du allereie eit saksnummer frå Rogaland fylkeskommune, skriv du dette inn i tittelen.
- Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga.
- Vurder om sendinga inneheld følsame personlege opplysningar.
- Last opp nødvendige vedlegg.
- Du får ei kvittering i nettlesaren din. Denne blir òg sendt til e-postadressa din med referansenummer for sendinga.
Du kan svare fylkeskommunen via eDialog
Viss Rogaland fylkeskommune sender brev til deg via Altinn/eBoks/Digipost vil du i sendinga sjå ei lenke til eDialog-skjema "Svar på denne sendinga". Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i saks- og arkivsystemet.
Bruk av tenesta gir mange fordelar
- Data blir overført krypterte.
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar.
- Dokument blir sendt elektroniske og motteke direkte i fylkeskommunen sitt system.
- Vi sparer tid og pengar på postgang, porto og registrering.
Treng du hjelp med eDialog?
Send gjerne ein e-post til firmapost@rogfk.no.