Skriveveileder - slik skriver vi i Rogaland fylkeskommune

5. Skriv meir nynorsk!

Vi bur i eit område der det er naturleg å skrive nynorsk, og der mange har hatt nynorsk i skulen. Både kommunikasjonsstrategien vår og språklova oppfordrar til meir bruk av nynorsk. Vi ønskjer derfor at du skriv på nynorsk om du har lyst til det – i alle slags tekstar. 

Vi har kurs i nynorsk. Grafikk - Klikk for stort bilde

Kva tid du skrive nynorsk?

Gjennom språklova er du dessutan pålagd å skrive nynorsk i ein del samanhengar. Du skal alltid skrive på nynorsk når du

  • svarer på ein førespurnad frå ein enkeltperson eller eit føretak som har skrive til fylkeskommunen på nynorsk
  • skriv til ein kommune som har gjort eit målvedtak om nynorsk (i skriv til språknøytrale kommunar skal du veksle mellom nynorsk og bokmål)

Kva reglar gjeld for fylkeskommunen?

Rogaland fylkeskommune er ein språknøytral kommune. Det inneber at overordna organ skal veksle mellom å bruke nynorsk og bokmål i skriv til oss. Vidare har fylkeskommunen bestemt at vi skal veksle mellom bokmål og nynorsk på nettsidene slik at det er eit rimeleg samhøve mellom dei to målformene.

Du kan lese meir om kva språklova inneber for fylkeskommunen, på nettsidene til Språkrådet.

Les også gjerne saka om tiltak for å auke bruken av nynorsk i fylkeskommunen.

Kvar finn eg nynorskhjelp?

Fylkeskommunen arrangerer kurs i nynorsk. Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga om du ønskjer kurs. 

Her er nokre andre nyttige hjelpemiddel: