Rogaland fylke ligg sørvest i Noreg og har akkurat passert 500.000 innbyggjarar i 2024. Fylket er Noregs fjerde største i folketal.
Rogaland består av 23 kommunar, fordelt på Jæren, Nord-Jæren, Ryfylke, Haugalandet og Dalane. Stavanger er administrasjonssenteret.
Dei fem største kommunane i folketal (2023-tal):
- Stavanger: 149 048 innbyggjarar
- Sandnes: 83 702 innbyggjarar
- Karmøy: 43 306 innbyggjarar
- Haugesund: 38 292 innbyggjarar
- Sola: 28 685 innbyggjarar
Dei fem minste kommunane i folketal (2023-tal):
- Utsira: 215 innbyggjarar
- Kvitsøy: 544 innbyggjarar
- Bokn: 883 innbyggjarar
- Hjelmeland: 2 643 innbyggjarar
- Bjerkreim: 2 992 innbyggjarar
Areal og geografi
- Rogaland er 9 377,1 kvadratkilometer stort. Av dette er 8 575 kvadratkilometer land og 802 kvadratkilometer er vatn.
- Rogaland har omkring 350 kilometer kyst mot havet og ei strandlinje på godt over 2 000 kilometer.
- Suldalsvatnet er den største innsjøen i Rogaland.
- Høgaste fjell er Vassdalseggi, 1 658,2 meter over havet, i Suldal.
Elevar og vidaregåande skolar
- Rogaland fylkeskommune driv 25 vidaregåande skolar. Les meir om dei vidaregåande skolane. I tillegg kjem ein høgare yrkesfagleg fagskole og to skolesenter.
- 16 417 elevar går på skolane (2021/2022).
Veg og kollektivtrafikk
- Fylkesvegane i Rogaland er viktige i fylket sitt samla transportsystem, og utgjer til saman 2 500 kilometer.
- 1,44 milliardar kronar går med til kollektivtrafikk i 2021, inkludert 312,5 millionar frå Byvekstavtalen. Kolumbus er mobilitetsleverandøren i fylket. Det betyr at Kolumbus har ansvar for buss- og hurtigbåttrafikken i Rogaland. I tillegg jobbar selskapet for at tog, sykkel, gonge og bildeling heng saumlaust saman med buss og båt slik at folk skal komme seg frå A til Å utan bruk av eigen bil.
- Rundt 20,8 millionar bussreiser i 2020.
- Rundt 500 000 båtreiser.
- Skoleskyss for 20 600 elevar.
- Tilrettelagt transport for 8 500 personar.