Korleis utviklar Rogaland fylkeskommune regionen?
- ved å utarbeide planar og delplanar med mål og retningslinjer for utviklinga i fylket
- ved å ha eit overordna ansvar for regional planlegging og ta oss av miljøfaglege oppgåver og ressursforvaltning
- ved å formidle kultur gjennom støtte til kunstnarisk verksemd, idrett og frivillige organisasjonar, forvalte kulturminnevern og drive bokformidling
- ved å legge forholda til rette for næringsutvikling og verdiskaping gjennom prosjekt, rettleiing og finansieringsordningar, med spesiell vekt på rein energi og maritim framtid, reiseliv- og opplevingar og mat
- ved å ha ansvar for samferdsel i fylket; fylkesvegar, konsesjonar og tilskot til lokal kollektivtransport, skoleskyss og transport av funksjonshemma
- ved å ha internasjonalt engasjement, blant anna gjennom samarbeidsavtalar, ved å leie og vere deltakar i ei rekke EU-prosjekt og på fleire område innan opplæring
Vidaregåande opplæring
Vidaregåande opplæring er for ungdom mellom 16 og 21 år. Vi driv 25 vidaregåande skolar som tilbyr eit variert opplæringstilbod. Vi driv to skolar for elevar i sosiale og medisinske institusjonar, og har ansvar for fagopplæring i arbeidslivet (lærlingar) og vaksenopplæring, blant anna dokumentasjon av realkompetanse og praksiskandidatar i arbeidslivet. Rundt 3300 medarbeidarar jobbar i vidaregåande opplæring i Rogaland.
Tannhelse
Fylkeskommunen har ansvar for tannhelsetilbod til barn og ungdom opp til 20 år, psykisk utviklingshemma og grupper av eldre, langtidssjuke og uføre.
Tannhelsetenesta har klinikkar over heile fylket. I Tannhelse Rogaland FKF er det 345 medarbeidarar, og av desse er 313 kvinner og 32 menn.
Regionalpolitisk pådrivar
Fylkeskommunen har ei viktig rolle som regionalpolitisk pådrivar for ei positiv og balansert utvikling i Rogaland. Fylkesplanen og delplanar viser strategiar for å nå oppsette mål for utviklinga i fylket. Gjennom Vestlandsrådet samarbeider Rogaland med Vestland og Møre og Romsdal om å fremje felles saker nasjonalt og om utviklinga av landsdelen.
Les meir på Vestlandsrådets heimesider