Kultur- og næringsavdelinga består av følgande tre seksjonar:
- Seksjon for allmenn kultur
- Seksjon for kulturarv
- Næringsseksjonen
Kultur
Fylkestinget har gitt følgande overordna mål for den fylkeskommunale kulturpolitikken:
"Rogaland fylkeskommune har som mål å føre ein offensiv kulturpolitikk og utvikle kulturlivet på regionalt nivå både for profesjonelle, amatørar og publikum generelt dette i nært samarbeid med kommunar, stat og frivillige organisasjonar, institusjonar og private aktørar."
Kulturen skal vere eit sentralt punkt i regionalpolitikken. Han skal legge til rette for å skape like moglegheiter for kulturarbeid og kunstnariske opplevingar i dei ulike regionane i fylket.
Kultur har ansvar for fylkeskommunen si støtte til:
- kulturinstitusjonar: teater, orkester og museum
- frivillige organisasjonar
- idrett- og friluftsliv
Innan kulturfeltet ligg òg det operative ansvaret for:
- Den kulturelle skolesekken
- Fylkesbiblioteket
Sektormyndigheit innanfor kulturminnevernet med saksbehandling ligg under kultur, og er lagt til seksjon for kulturarv.
Næring
FN sine bærekraftmål er sentrale i fylkeskommunen og ligg til grunn for arbeidet med næringsutvikling, og tek sikte på å utløyse og forsterke:
- ei felles regional retning for kunnskapsbasert næringsutvikling
- samordna offentleg verkemiddelbruk
- ta ei leiarrolle som samfunnsutviklar
- støtte opp under etableringar og entreprenørskap
- legge til rette for auka internasjonalisering
- ha ei koordinerande rolle og gi felles retning
- samarbeide om å bygge solide regionale institusjonar
Auka kompetanse, forskingsinnsats, omstilling og dessutan auka medvit rundt klima- og miljøpolitikk i næringslivet skal sikrast gjennom regionale verkemiddel. Det vidare arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med akademia, næringsliv og andre partnarar for å sikre at verkemidla treffer regionen sitt reelle behov.
I desember 2020 blei Rogalands nye nærings- og innovasjonsstrategi vedteke av fylkestinget. Nærings- og innovasjonsstrategien for Rogaland er førande og gir retning for fylkeskommunen sine prioriteringar innan næringsutvikling.
Plan-, miljø- og samfunnsavdelinga har ansvar for eit mangfald av oppgåver.
Plan-, miljø- og samfunnsavdelinga er:
- planmyndigheit med ansvar for rettleiing av kommunane og oppfølging av kommunen sine planar, og ansvar for regionale planar
- del av friluftslivsforvaltninga med eit generelt ansvar for å fremme publikum sine friluftsinteresser
- ansvarleg for folkehelsepolitikken i Rogaland, og skal forankre helse i alt vi gjer gjennom fylkeskommunale oppgåver og verkemiddel
- ansvarleg for å fremme arbeidet med universell utforming for å styrke moglegheitene til like levekår og for eit inkluderande samfunn.
- viltorgan og del av fiskeforvaltninga med ansvar for forvaltning av førekomster og rettleiing til kommunane
- regional utviklingsaktør med ansvar for å fremme heilskapleg og ønskt samfunnsutvikling i eigen region
- vannregionmyndigheit med ansvar for å koordinere arbeid med vassforvaltning og å lage forvaltningsplan
- vannforvaltningsmyndigheit, med ansvar for å koordinere arbeidet med ein regionalplan for vassforvaltning i Rogaland
Alle desse oppgåvene er lovpålagde oppgåver. I tillegg har plan-, miljø- og samfunnsavdelinga ansvar for internasjonale prosjekt, kart, statistikk og analysearbeid, koordinering av RUP (regionalt utviklingsarbeid), tildeling av tilskuddsmidler og for tematisk oppfølging av eigne planar.