I løpet av livet bruker du ulike tenester i fylkeskommunen, som for eksempel skolegang, skoleskyss, tannhelsetilbod og diverse støtteordningar. Kanskje er du òg jobbsøkar eller tilsett hos oss. For å gi deg tenester og tilbod du har krav på, behandlar fylkeskommunen personopplysningar om deg. Då er det viktig at fylkeskommunen behandlar opplysningane rett og sikkert.
Det er personvernombodet sin oppgåve å sjekke at lova blir følgt i behandling av personopplysningar og å gi råd om korleis dette skal gjerast. Men det føreset at du kontaktar ombodet og gir informasjon om den aktuelle problemstillinga.
Når kan du kontakte personvernombodet?
Du kan kontakte personvernombodet ved alle spørsmål som gjeld behandling av personopplysningar i Rogaland fylkeskommune. Eksempel kan vere rettar som innsyn og openheit, tryggingstiltak, handtering av avvik og opplæring av medarbeidarar. Personvernombodet gir råd, og kan òg bringe saker vidare i organisasjonen.
Personvernombod i Rogaland fylkeskommune er Sigrun Homleid, og kan traffast på e-post: rfk.personvernombud@rogfk.no. Personvernombodet har tausheitsplikt.
Personvernombodet sine hovudoppgåver
Personopplysningslova og personvernforordninga bestemmer kva oppgåver personvernombodet har. Personvernombodet skal blant anna:
- gi råd og informasjon om behandling av personopplysningar i fylkeskommunen
- kontrollere at fylkeskommunen følger personvernlovgivinga og interne retningslinjer, og påpeike eventuelle brot på regelverket
- hjelpe enkeltpersonar med å vareta rettane sine, typisk innsyn, retting eller sletting i eigne personopplysningar behandla av fylkeskommunen
- samarbeide med og fungere som eit kontaktpunkt for Datatilsynet
- på førespurnad gi råd om vurderinga av personvernkonsekvensar og kontrollere gjennomføringa av vurderinga