Bokn kommune – Kongsbu

Dagsturhytta Kongsbu i Bokn ligg i eit område med typisk opna kystlandskap, med utsikt mot Boknasundet og Tysvær i aust. 

Dagsturhytta Kongsbu i Bokn kommune. Foto - Klikk for stort bilde Øyvind Nesvåg

Oppdag Kongsbu

  • Ope: heile året
  • Sjølvbetjening: ja
  • Overnatting: nei
  • Passar for: barn og vaksne
  • Turavstand: Frå parkeringa ved Bokn kyrkje er det ca. 5 kilometer t/r uavhengig av om ein veljar å gå via turvegen, via Føresvik og deretter inn på turvegen eller å ta turen som ein rundtur.
  • Universell forma tilkomst: Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Denne vil på sikt blir utbetra til grusveg.
  • Toalett: ja
  • Bålpanne: nei, men vil bli plassert ut i løpet av våren 2023.
  • Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Tilkomst og parkering

Se kart

Turmålet er skiltet frå parkeringsplassane, ved Bokn kyrkje eller ved Bokn arena.

Frå Bokn kyrkje er det turveg som startar vis-a-vis parkeringsplassen, men ein kan òg gå langs vegen ned til Føresvik og deretter inn på turvegen frå byggefeltet rett ovanfor Føresvik.

Ved parkering på Bokn arena: følg vegen ned via Føresvik og deretter inn på turvegen.

Turmålet kan nåast med kollektivtransport. Kystbussen går gjennom Bokn kommune til og frå Stavanger, og næraste buss-stopp er Alvestadkroken. Følg vegen «Alvestadkroken» opp til «Føresvikvegen». I krysset Føresvikvegen og Grønnestadvegen kan ein velje om ein vil gå vidare på Føresvikvegen og starte turen ved Bokn arena eller gå opp Grønnestadvegen og starte turen ved Bokn kyrkje.

Turbeskriving til hytta

Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Turvegen er opplyst, men om ein veljar å gå når det er mørkt må ein vere merksam på at det ikkje er lys på dei siste 500 metrane til hytta (traktorvegen).

Det er to vegval til hytta. Går ein via turvegen går turen langs eit beiteområde og lett skogsterreng.  Vegen er lett kupert. Vel ein å gå via Føresvik går første kilometer av turen på vanleg veg ned til Føresvik, forbi klatreparken og inn på turvegen via byggefeltet ovanfor Føresvik. Turvegen går gjennom skog og vegen er lett kupert. Ut til hytta går ein på ein traktorveg. Frå turvegen og siste stistykke på traktorveg er det lurt å ha godt fottøy.

Avstand

Sirka 5 kilometer tur/retur etter merka sti.

Kontakt 

Jardar Havikbotn, kultursjef, e-post jarhav@bokn.kommune.no