Suldal kommune - Kvilehaugen

Dagsturhytta på Kvilehaugen ligg på Jelsa i Suldal kommune med utsyn over strandstaden Jelsa og Ryfylkebassenget.  

Dagsturhytta Kvilehaugen i Suldal kommune - Klikk for stort bilde

Kort om Kvilehaugen

  • Åpent: hele året
  • Overnatting: nei
  • Passer for: alle
  • Turavstand: 500 meter hver vei
  • Universell utformet adkomst: ja
  • Toalett: ja
  • Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Kart

Finn Kvilehaugen på kartet

Tilkomst og parkering

Hytta ligg i nærleiken av Jelsa oppvekstsenter (skule og barnehage) som også er også utgangspunktet for turen.

Hytta er universelt tilrettelagt, med eigen tilkomst for besøkjande på hjul.

  1. Hovudparkeringa er ved Jelsa oppvekstsenter, Økstrafjordvegen 64. Parkeringa er skilta.
  2. Parkering reservert for besøkjande med barnevogn og rullestol: Køyr vidare frå skulen på Økstrafjordvegen mot Foreneset ca 700 meter, ta til vestre på første skogsbilveg. Etter ca 100 meter er det eit par parkeringsplassar tilrettelagt for rullestolbrukarar eller familiar med barnevogn. Herfrå er det snaue 100 meter på grusveg.
  3. Dei som kjem med hurtigbåt eller ferje til Jelsa: Gå ca 300 meter på Jelsavegen frå kaien, ta så til høgre inn på Økstrafjordvegen mot Foreneset. Oppvekstsenteret og starten på sti ligg på vestre hand etter ca 700 meter.

Turbeskriving

Følg skogsveg frå parkeringsplassen ved skulen. Stien går i lett terreng langs skogen, og turen tar ca 10 minutt. Lengde på turen er om lag 500 meter. For folk på hjul, i vogn eller rullestol, snaue 100 meter på grusveg.

Avstand

500 meter frå parkeringsplass ved skulen

100 meter frå reservert parkering for besøkjande med rullestol og barnevogn

Bilder frå Kvilehaugen

Kulturhistorisk landskap

Landskapet kring dagsturhyttene rommar mykje kulturhistorie og gjer kvar hytte, og turen dit særeigen.

Dagsturhytta er ein møtestad der vi kan dele kunnskap med kvarandre.

Les meir om kulturlandskapet ved Kvilehaugen

Kontaktinformasjon

Aud Marit Hauge

Suldal kommune

Send e-post: Aud Marit Hauge