Vindafjord kommune - Vadhytta

Vadhytta ligg nydeleg plassert i eit dalføre like ved vassdraget frå Kolbeinshaugsvatnet. Her får du høgfjellskjensle med små furutre og ein flott badeplass like ved hytta.

Dagsturhytta Vadhytta i Vindafjord sett fra luften. Foto - Klikk for stort bilde

Kort om Vadhytta

  • Åpent: heile året
  • Overnatting: nei
  • Passer for: barn og vaksne
  • Turavstand: 1,4 kilometer kvar veg frå Bjoa og 3,7 kilometer kvar veg frå Ølensvåg
  • Universell utforma adkomst: ja
  • Toalett: ja
  • Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Kart

Finn Vadhytta på kartet

Tilkomst og parkering

Du kan nå Vadhytta både frå Bjoa og Ølensvåg.

Frå Bjoa

Ta av frå Bjoavegen ved skiltet til Dalen og følg Eikåsvegen nesten til endes. Like før brua i Eikås, ta av til venstre og følg skogsbilveg opp til parkeringsplass. Her er det skilta til Vadhytta.

Frå Ølensvåg

Ta av frå E134 inn på Bjoavegen. Etter om lag 300 meter tar du av til venstre og følg Duelandsvegen til parkeringsplass. Du kan og parkera nede ved Bjoavegen, der du tar av til Duelandsvegen.

Turbeskrivelse

Både frå Bjoa og Ølensvåg er det god grusveg. Turens vanskegrad kan beskrivast som enkel frå Bjoa og middels fra Ølensvåg. 

Frå Bjoa

Frå Bjoa er turvegen 1,4 kilometer kvar veg. Heile turen går i lett terreng og er eigna for sykkel, barnevogn og rullestol. 

Frå Ølensvåg

Frå Ølensvåg er turvegen 3,7 kilometer kvar veg. I sarten er det eit bratt stykke, men det flatar ut på toppen.

Bilder frå Vadhytta

Vadhytta i sosiale medier

Bli med i Vadhytta si Facebookgruppe

Les meir om andre opplevingar i Vindafjord

Kontaktinformasjon

Aleksander Volstad

Send e-post: Aleksander Volstad