Om dagsturhyttene
Øyvind Nesvåg, Rogaland fylkeskommune
Vadet ein naturleg møtestad
Kartet viser kor du finn nokre av kulturminna i området kring Vadhytta (2). Raud stipla linje er tursti og svart heiltrekt linje er turveg/grusveg med høg grad av tilgjengeligheit. Raude "R"ar markerer Gravhauger. Ellers finn du: (1) Svorindsvad, (3) Brurasteinen, (4) Kolgrop og (5) Klovsteinane.Det breie og grunne vadet, frå gammalt av kalla «Vadet» eller «Svorindsvad», var den beste staden å kryssa Ølselva for folk som reiste langs den gamle ferdselsvegen mellom Bjoa og Ølensvåg. Her kunne ein gjerne ta seg ei kvild, og kanskje slå av ein prat med folk ein møtte. Både to- og firbeinte kunne sløkkja tørsten eller kjøla seg i det friske vatnet på solvarme dagar. Av same grunn har Vadhytta blitt ein naturleg møtestad for oss på tur. Ein stad me kan finna ro og kvile.
Turen til Vadhytta går frå Eikås på Bjoasida eller frå Dueland i Ølensvåg. I Ølensvåg ligg også garden Kolbeinshaug, som ein kjenner frå stadnamn som Kolbeinshauglia og Kolbeinsvatnet, like ved Vadhytta.
I bygdebøkene kan ein lese at gardane Kolbeinshaug og Dueland truleg vart rydda i vikingtida, men det finst fleire gardar i området med ei historie som går lenger tilbake i tid. Det var heller ikkje uvanleg å bruke eit område til beite, slått og anna, før det vart rydda til gard.
Slik trur ein det var på Eikås – at garden først var støl under Innbjoa. Ei gamal segn fortel at sju brør frå Innbjoa drog for å slå gras på Eikås. Dei batt den eine broren til ein stav i løa der. Då faren fekk høyre det, meinte han at sonen no skulle vera bunden til Eikås – og slik fekk han gard på Eikås, med både skog og utmark til.
På Eikås skal det òg finnast ein stein som heiter Brødresteinen. Om det har samanheng med segna, veit vi ikkje sikkert – men kanskje er det nokon som veit?
Ved Brurasteinen har mange kvilt seg på veg over fjellet på veg til kyrkja i Ølen. Rykta vil ha det til at nokon også har fridd til sin utvalde her ved steinen
Jennica Svensson, Rogaland fylkeskommune
Gamle ferdselsvegar
Kulturlandskapet rundt Vadhytta ber preg av både eldre og nyare ferdselsvegar. Langs vegen til hytta kan du gå ein nylaga sti opp til Bukkanibba, og nyta utsikta derifrå. Du kan og stoppa ved Brurasteinen, der folk kvilte på veg over fjellet – av og til på reise til kyrkja i Ølen.
I mellomalderen, på 1200-talet, veit vi at det vart laga kol her oppe. Kolet vart truleg frakta over vadet og ned til garden.
Arkikon
Området nytta i lang tid
Her er det store naturressursar, med høve til jakt og fiske som gav ein god matauk. På Kolbeinshaugstølen heldt dei dyra på utmarksbeite om sommaren, og laga smør og ost som dei bar ned til garden. Denne stølen er omtala første gongen i 1666, og var i bruk til sist på 1800-talet. Nå er stølshusa borte, og husgrunnane er overgrodde.
I mellomalderen vart det brent kol her oppe. Trekolet vart nytta ved utvinning av jern frå myrmalm og til smeden sitt arbeid i smia. I fjellsida bak stølen raste ein gong ei stor steinblokk ut og rulla ned mot vatnet. Steinen klovna, og fekk namnet Klovsteinane.
Den store steinblokka som rulla ned mot vatnet og klovna fekk navnet Klovsteinane.Vil du vite meir?
Her kan du lese meir om kulturminna i nærleiken og andre stadar. Du kan også dele din egen kunnskap om kulturlandskapet!
Les meir på lokalhistoriewiki eller på kulturminnesøk.