Bygningsvernrådgiving i Ryfylke og Haugalandet

Rogaland fylkeskommune har lansert ei bygningsvernrådgivingsteneste i samarbeid med Ryfylkemuseet og Haugalandmuseet.  

handverkar ute på synfaring. Foto - Klikk for stort bilde

Gratis synfaring og rådgiving for eigarar av verneverdige bygningar 

Er du eigar av ein eldre bygning i Ryfylke, eller på Haugalandet, og er usikker på kva du kan eller bør gjere for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med Ryfylkemuseet  eller Haugelandmuseet for gratis råd og rettleiing. Musea er del av eit pilotprosjekt i Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving frå fagfolk med kompetanse på eldre bygningar.  

Bygningen treng ikkje å vere freda eller formelt verna for å vere vere aktuell for tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om huset ditt er innanfor krava til ordninga. 

Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad. 

Ryfylkemuseet kan hjelpe eigarar i Hjelmeland, Kvitsøy, Sauda, Strand, Suldal og delar av Stavanger og Sandnes (gamle Forsand, Rennesøy og Finnøy kommunar). 

Haugalandmuseet kan hjelpe eigarar i Haugesund, Bokn, Tysvær, Karmøy, Utsira og Vindafjord kommunar.

Kva kan du få ut av dette tilbodet? 

  • Besøk av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar 
  • Praktisk gjennomgang og vurdering av eige bygg 
  • Svar på spørsmål om eldre hus 
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald  
  • Informasjon om støtteordningar 

Dersom du har behov for spesialkompetanse, kan vi gi råd om kor du kan finne dette.  

Kurstilbod

Musea tilbyr også kurs i søknadsskriving, bygningsvern og andre tema. Sjå nettsidene for meir informasjon.  

Museet vil også ha dialog med kommunane som del av prosjektet, men tilbodet er ikkje ein del av kommunane og fylkeskommunen si saksbehandling etter plan- og bygningsloven.  

Kontakt Ryfylkemuseet

De kan finne meir informasjon på nettsidene til Ryfylkemuseet.

Kontakt bygningsvernrådgivar:

Simen Bie Malde 

E-post: bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no 

Telefon: 40 18 36 02

Kontakt Haugalandmuseet

De kan finne meir informasjon på nettsidene til Haugalandmuseet.

Kontakt bygningsvernrådgivar:

Rune Johnsen

E-post: rj@haugalandmuseet.no

Telefon:  47 02 88 01