Miljøfyrtårn

Rogaland fylkeskommune er Miljøfyrtårn. Det inneber at me driv systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen.

Ei miljøsertifisering skal bidra til auka merksemd og kunnskap om utsleppa til drifta, og vere eit viktig verktøy for å redusere utsleppa i fylkeskommunen framover.

Stiftelsen Miljøfyrtårn driftar sertifikatordninga, og er Noreg sin mest nytta sertifikat for verksemder. Miljøfyrtårn er han fyrste nasjonale ordninga i Europa som er anerkjend av EU.

Sentraladministrasjonen miljøsertifisert i 2018

Tre damer med miljøfyrtårnblanket - Klikk for stort bildeI 2018 tok dåverande fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal (t.v) og dåverande klimakoordinator i Rogaland fylkeskommune Tara Botnen Holm (t.h) imot Miljøfyrtårndiplomet av varaordfører i Stavanger kommune, Bjørg Tysdal Moe (midten).

I 2018 vart sentraladministrasjonen i Rogaland fylkeskommune miljøsertifisert som eit Miljøfyrtårn.

For å få sertifikatet som Miljøfyrtårn må ein gjennom ei miljøsertifisering. Miljøsertifisering handlar om å gjere ei miljøkartlegging innanfor gitte kriteria; systemkrav, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og innkjøp. Og dessutan fylle ut ein klima- og miljørapport, som skal utarbeidast årleg etter sertifisering.

Klima- og miljørapport for 2022

Klima- og miljørapporten er ein årleg rapport som viser utsleppa og forbruket vårt sett i system. Tala blir rapporterte inn til Miljøfyrtårnorganisasjonen og er eit krav for å vere sertifisert Miljøfyrtårn.

Rapporten viser årleg utvikling, og skal i tillegg innehalde ein handlingsplan for reduksjon av utsleppa og avgrense forbruket.

Les klima- og miljørapporten for 2023.