Det vil leggast vekt på følgande kriterium ved vurdering og prioritering av søknader:
Relevans for utlysinga sine temaområde
Vi legg vekt på effekten prosjektet vil ha for berekraftig næringsutvikling, sysselsetting eller kompetanseheving i Rogaland. Det leggast vekt på i kva grad prosjektet bidrar til å nå mål for utlysinga, og er i tråd med Nærings- og innovasjonsstrategien til Rogaland fylkeskommune eller Regionalplan for kompetanse i Rogaland.
Gjennomføringsevne og kvaliteten på søknaden
Kvaliteten på søknad og samanheng mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli lagt vekt på.
Vi legg vekt på at søkar og eventuelle samarbeidspartnerar har rett kompetanse og erfaring til å gjennomføre prosjektet. Prosjektet må vere realistisk, og risikofaktorane må gjerast synlege. Vidare må organiseringa av prosjektet, arbeidspakkar, metodebruk, utfordringar, kommunikasjon og deling av resultat, samt implementering vere godt skildra.
Balansert prosjektportefølje
I vurderinga blir det lagt vekt på å ha god fordeling av midlar til prosjekt innan ulike tematiske og geografiske område.
Det betyr at søknadar kan bli prioritert framfor andre, for å sikre at den samla støtta fordeler seg best mogleg og bidrar til å oppnå formålet med tilskotsordninga.Prosjekt som kan knytast til reiseliv og opplevingar i nærings- og innovasjonsstrategien i tråd med retningslinjene for ordninga blir prioriterte.
Rapportering
Prosjekta som får innvilga støtte, har eir ansvar for å sluttrapportera og be om sluttutbetaling når prosjektet er avslutta. Rapporteringa skjer via regionalforvaltning.no.