Utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet i Rogaland

Er du og din organisasjon opptatt av kulturmiljø og vil bidra til at kulturmiljø i Rogaland blir brukt og gjort kjend? No kan kommunar og organisasjonar søke om støtte til utviklings og verdiskapingsprosjekt.

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling og verdiskaping på kulturmiljøfeltet i Rogaland.

Kulturmiljø er eit  samleomgrep for både fysiske kulturminne og anna kulturarv i regionen vår.

Kven kan søke om tilskot?

Fylkeskommunalt tilskot til kulturmiljøprosjekt kan tildelast kommunar, ideelle organisasjonar, bedrifter og landbruksføretak i Rogaland.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknadsfrist: 15. januar

Søk gjennom elektronisk søknadsskjema. 

Søknadsskjema 

Søknadskjema opner 6. desember.

Søkarar må gjere seg kjent med retningslinjene for tilskotsordninga.

Les retningslinjer for tilskot til utviklingsprosjekt.

Kva kan det gjevast tilskot til?

Det vert gjeve tilskot til verdiskaping- og utviklingsprosjekt av nasjonal og vesentleg regional interesse, innanfor følgande tema:

  • formidling og tilrettelegging av kulturmiljø og kulturarv, både fysisk og digitalt 
  • kurs og arrangement som bidrar til auka kunnskap og engasjement om kulturmiljø og kulturmiljøvern 
  • moglegheitsstudiar, forprosjekt, analysar, pilotprosjekt eller andre prosjekt for å vurdere nye måtar å skape verdiar med grunnlag i kulturmiljø 
  • kunnskapsinnhenting og andre prosjekt som skal utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturmiljø i Rogaland
     

Prosjekt som kan få tilskot, må omfatte heile eller store delar av fylket eller vere lokale prosjekt som det er av nasjonal eller vesentleg regional interesse å få gjennomført.

Søknadsbeløp

Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 300 000 kroner.

Fylkeskommunalt tilskot kan maksimalt utgjere 50 prosent av samla kostnad ved sluttføring.

Utbetaling 

Tilskot vert som hovudregel utbetalt etter at prosjektet er gjennomført og etter at fylkeskommunen har mottatt rekneskap og rapport. Rapporten skal gjere greie for gjennomføring av tiltaket/prosjektet. Rekneskapen skal vise korleis tilskotet er brukt og settast opp slik at det kan samanliknast med innsendt budsjett. Tilskot frå fylkeskommunen og andre offentlege tilskotsytararar skal stå særskilt. Rapport og rekneskap skal sendast elektronisk via det nettbaserte rapporteringsskjemaet til fylkeskommunen.  

Prosjektet skal gjennomførast som omsøkt. Eventuelle endringar må avklarast med fylkeskommunen. Tildelt beløp kan avkortast dersom prosjektet ikkje er gjennomført i tråd med søknaden.  

Rogaland fylkeskommune har høve til å be om innsyn og kontroll av løyvde midlar. Tilskotsmottakar pliktar å medverke gjennom å vise etterspurt og relevant dokumentasjon.  

Rapport

Meir informasjon

Sjå prioriteringskriterium og krav i retningslinjene for ordninga.

Retningslinjer