Søknadsfrist
For 2024: 1. mars
For 2025 og påfølgande år: 15. januar
Formål
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling og verdiskaping på kulturmiljøfeltet i Rogaland.[1]
Kven kan søke om tilskot?
Fylkeskommunalt tilskot til kulturmiljøprosjekt kan tildelast kommunar, ideelle organisasjonar, bedrifter og landbruksføretak i Rogaland.
Aktørar som søker støtte frå Rogaland fylkeskommune må vere registrert i Brønnøysundregisteret.
Kva kan det gjevast tilskot til?
Det vert gjeve tilskot til verdiskaping- og utviklingsprosjekt av nasjonal og vesentleg regional interesse, innanfor følgande tema.
- formidling og tilrettelegging av kulturmiljø og kulturarv, både fysisk og digitalt
- kurs og arrangement som bidrar til auka kunnskap og engasjement om kulturmiljø og kulturmiljøvern
- moglegheitsstudiar, forprosjekt, analysar, pilotprosjekt eller andre prosjekt for å vurdere nye måtar å skape verdiar med grunnlag i kulturmiljø
- kunnskapsinnhenting og andre prosjekt som skal utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturmiljø i Rogaland
Prosjekt som kan få tilskot, må omfatte heile eller store delar av fylket eller vere lokale prosjekt som det er av nasjonal eller vesentleg regional interesse å få gjennomført.
Søknadsbeløp
Maksimalt støttebeløp per prosjekt er kr. 300 000,-
Fylkeskommunalt tilskot kan maksimalt utgjere 50 % av samla kostnad ved sluttføring.
Prioriteringskriterium
Søknadene vert vurdert etter følgande kriterium:
- Prosjektet bidreg til kulturell, sosial, økonomisk eller miljømessig verdiskaping for kulturmiljø og kulturarv i Rogaland.
- Prosjektet er nyskapande og bidreg til å bevare, ta i bruk og utvikle kulturmiljø og kulturarv på nye måtar.
- Prosjektet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av kulturmiljø og landskap av regional eller nasjonal interesse.
- Prosjektet har ein verdi for kulturmiljø og kulturmiljøfeltet i større delar av fylket og bidreg til samarbeid.
- Prosjektet er støtta av ein annan regional, kommunal eller statleg aktør.
Regionalt samarbeid, verdiskaping og utvikling om kulturmiljø vil bli særleg vektlagt.
Generelle krav
- Prosjekta skal bli gjennomførte i Rogaland.
- Prosjekta skal i størst mogleg grad legge til rette for personar med funksjonsnedsetting.
- Tiltak som er søknadspliktige etter kulturminneloven, plan- og bygningsloven eller andre lovverk skal i utgangspunktet vere avklart før søknaden blir sendt.
- Prosjekta skal ikkje skade sårbare kultur- og naturmiljø, og berekraftig besøksforvaltning er eit viktig grunnprinsipp. Prosjekt skal ha ein plan for framtidig forvaltning og skjøtsel der det er relevant.
- I aktuelle samanhengar skal det bli gjort kjent at prosjektet er støtta av Rogaland fylkeskommune.
- Resultat, kunnskap og erfaringar frå prosjekt som mottek tilskot skal kunne delast med alle. For kunnskapsinnhentingsprosjekt skal søknaden innehalde ein plan for korleis kunnskapen vil nyttast.
- Tilskotet skal ikkje bidra til økonomisk utbytte for private fortenestebaserte aktørar.
Det vert ikkje gjeve støtte til følgande:
- vedlikehald, skjøtsel, ombygging, brannsikring eller restaurering av kulturminne.
- større bygge- og anleggstiltak.
- egne medlemsaktivitetar, og prosjekt retta mot eigen eller tilsvarande organisasjon. Prosjekta skal vere utovervende.
- produksjon og utgjeving av litteratur og musikk, innkjøp av utstyr
- arealplanprosessar
- ordinær drift og utvikling av organisasjonen
- prosjekt i regi av aktørar som er ein del av Rogaland fylkeskommune
- Det vert ikkje gjeve støtte til institusjonar som mottar fylkeskommunal driftsstøtte. Det kan i unntakstilfelle bli vurdert prosjektstøtte til institusjonar som mottar fylkeskommunal driftsstøtte dersom prosjektet er eit samarbeid med andre aktørar, og om prosjektet ikkje er ein del av ordinær drift og utvikling av institusjonen.
Søknadsprosedyre
Søknad om støtte skal fremjast elektronisk via søknadsskjema og må innehalde
- fyldig omtale av prosjektet, inkludert omtale av samarbeidspartar, framdriftsplan, mål for prosjektet og forventa effektar
- ein kort skildring av prosjektet (til bruk i fylkeskommunen sitt politiske saksframlegg)
- budsjett med finansieringsplan (forventa inntekter og utgifter)
Påbegynte prosjekt vil ikkje få støtte.
Ufullstendige søknader vil ikkje bli behandla.
Utbetalingsprosedyre
Tilskot vert som hovudregel utbetalt etter at prosjektet er gjennomført og etter at fylkeskommunen har mottatt rekneskap og rapport. Rapporten skal gjere greie for gjennomføring av tiltaket/prosjektet. Rekneskapen skal vise korleis tilskotet er brukt og settast opp slik at det kan samanliknast med innsendt budsjett. Tilskot frå fylkeskommunen og andre offentlege tilskotsytararar skal stå særskilt. Rapport og rekneskap skal sendast elektronisk via det nettbaserte rapporteringsskjemaet til fylkeskommunen.
Prosjektet skal gjennomførast som omsøkt. Eventuelle endringar må avklarast med fylkeskommunen. Tildelt beløp kan avkortast dersom prosjektet ikkje er gjennomført i tråd med søknaden.
Rogaland fylkeskommune har høve til å be om innsyn og kontroll av løyvde midlar. Tilskotsmottakar pliktar å medverke gjennom å vise etterspurt og relevant dokumentasjon.
Tilskotet skal fortrinnsvis nyttast innan eitt år frå datoen på tilsegnsbrevet. Det kan søkast om utsetting i inntil eitt ytterlegare år. Dette må gjerast innan fristen som blir sett i tilsegnsbrevet. Etter to år fell tilskotet automatisk bort.
Klagetilgang
Etter Forvaltningslova er vedtak fatta under denne tilskotsordninga å sjå som einskildvedtak. Søkar har derfor rett til å klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå melding om vedtak er mottatt.
[1] Kulturmiljøfeltet inkluderar både sjølve kulturmiljøa i Rogaland, men og alle aktørane som i større og mindre grad gjer ein innsats for kulturmiljø.