Anskaffelsesstrategi

Anskaffingar er eit viktig strategisk verktøy for å nå våre målsettingar om å levere gode tenester til befolkninga, sikre gode og levedyktige lokalsamfunn, forvalte våre ressursar på ein effektiv måte og sikre universell utforming, samt støtte opp om dei langsiktige utviklingsmåla i regional planstrategi.

Anskaffing av varer og tenester treff FNs berekraftsmål på mange måtar. Næringslivet er ein nøkkel for at byar og lokalsamfunn skal kunne utvikle seg på ein berekraftig måte. Gjennom handel kan vi bidra til anstendig arbeid og økonomisk vekst, som er ein føresetnad for at fattigdom blir motverka og at utdanning, helse og likestilling blir fremma.

Vi veit at produksjon av varer og tenester også kan påverke berekraftsmåla på ein negativ måte. Forureining, uttømming av naturressursar og uetiske arbeidsforhold er realitetar vi må vere merksame når vi gjennomfører våre anskaffingar.

Anskaffingsstrategi

Samfunnsansvar er eit av dei tre satsingsområda i vår anskaffingsstrategi. Anskaffingane våre skal stille krav til varer og tenester som har låg belasting på miljøet, og som tek vare på både menneske og samfunn. Vi skal jobbe med næringslivet for å fremje grøn innovasjon. Seriøsitetskrava vi stiller skal vareta HMS- og lønsvilkår til alle som jobbar i prosjekt der vi er byggherre.

Les Rogaland fylkeskommune sin anskaffingsstrategi som PDF.  (PDF, 217 kB)

Etisk handel

Rogaland fylkeskommune er medlem av Etisk handel Norge. Vi erkjenner at anskaffingane våre påverkar globale leverandørkjeder, og vi ønsker å vere opne om korleis vi jobbar for å redusere risiko for skade på menneske, miljø og samfunn i eit globalt perspektiv. Vi har supplert vår anskaffingsstrategi med Haldningsdokument for berekraftige anskaffingar. Saman med vår årlege rapport til Etisk handel Norge, viser desse dokumenta korleis vi jobbar for å oppnå berekraftige og etiske anskaffingar.

Rogaland fylkeskommune sine rapportar til Etisk handel Norge finn du på Etisk handel Norge sine nettsider.

Les haldningsdokument for berekraftige anskaffingar som PDF.  (PDF, 584 kB)

Tilbakemeldingar og spørsmål om arbeidet vårt med etisk handel kan sendast til etiskhandel@rogfk.no.