Øydegardsanlegg frå folkevandringstid
Det karakteristiske gardsanlegget i Rogaland frå folkevandringstida (cirka 400-570 e.Kr) består normalt sett av eitt eller fleire langhus samla i eit tun. Det spesielle i Rogaland er at husa har hatt yttervegger av stein. Det var vanlig at minst eitt av husa på garden var delt i to, med ein bustaddel i den eine enden og ein fjøsdel i den andre. Andre hus kunne vere verkstader, reiskapshus og liknande.
Biletet viser øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune, sett mot søraust. Sentralt i biletet ligg tuftene med geil og steingardar ut til venstre. Rundt ligg det fleire røyser av varierande storleik. Foto: Rogaland fylkeskommune
Ut frå fjøsdelen gjekk det ein steinbygd geil (fegate). Denne gjekk vidare over i steingarden som skilde åkerlandet (innmarka) og utmarka på garden. Åkerlandet er rydda for små stein som har blitt lagt i mindre rydningsrøyser. På fleire gardar er det også rydningsrøyser i utmarka. På gardane har det også vore gravhaugar. Ofte ligg dei i åkerlandet og nær husa, men dei kan også finnast i utmarka.
Gardane kan grovt delast inn i to typar, einskildbruk og fellesbruk (samansette gardsanlegg). Gardsanlegget på Ullandhaug i Stavanger er eit eksempel på eit einskildbruk. Slike gardar består berre av eitt tun med hus omkransa av ein steingard, medan fleirbruksgardane har fleire tun med hus der alle har kvar sin geil til utmarka, men med felles steingard og ofte felles åkerland. Eit eksempel på dette kan ein sjå restane av på Storrsheia i Bjerkreim.
Mange av gardane blei fråflytta i slutten av folkevandringstid/merovingertid (cirka 570-600 e.Kr), men nokre øydegardar har også blitt tatt i bruk igjen i både vikingtid og mellomalder.
Blant dei best bevarte øydegardane kan ein i dag sjå meir eller mindre heile garden med steinveggene i tuftene, røyser, geil og steingardar, men dessverre er mange av dei kjente øydegardane heilt eller delvis fjerna.
Illustrasjonen syner øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune. Garden blei truleg rydda og busett i byrjinga av folkevandringstida. I dag er det minst seks hustufter sentralt på anlegget. Ein geil og steingard som omkransar heile innmarka går ut frå hustufta lengst i nordvest. Illustrasjon Rogaland fykeskommune