Arealrekneskapet knyter informasjon frå fleire ulike datakjelder saman for å gi ei samla oversikt for fylket om arealtypar, areal som er utbygd og tatt i bruk, og viktigast av alt, planlagt arealbruk i tida som kjem.
Arealrekneskapet for 2023 viser at det ligg 114 000 dekar godkjent for utbygging i kommunale planar i fylket. Målt i fotballbaner er talet 16 200. Arealet fordeler seg mellom anna på 48 200 dekar skog, 5000 dekar myr og 22 900 dekar dyrka mark.
Illustrasjon som viser planlagt nedbygging på utvalde arealtypar i Rogaland.
Målet med eit fylkeskommunalt arealrekneskap er å enkelt få fram kva type areal kommunane gjennom godkjende planar opnar for å omdisponere, og i kva omfang. Målet er også å gi ei generell oversikt over kva arealtypar vi har lite eller mykje av, og korleis vi har utnytta areala fram til i dag.
Planlagt nedbygging, også omtalt som antatt planreserve, består i hovudsak av jomfruelege delar av planlagde byggeområde som er vurdert å ha utbyggingspotensiale. Dette er informasjon som per i dag finst kvar for seg, men som arealrekneskapet synleggjer samla. Det fylkeskommunale arealrekneskapet for Rogaland består av tre delar:
Del 1 - Kartbasert oversikt og lenke til kommunevise arealrekneskap og planreserve for heile fylket:
Gå til nettstad for kommunevise arealrekneskap i kart
Del 2 – Talbasert framstilling for noverande og planlagt arealbruk for heile Rogaland:
Gå til presentasjon av regionalt arealrekneskap i rapportformat
Del 3 - Fortellingskart som hjelper deg i bruken av kommunevise arealrekneskap i kart:
Gå til fortellingskart om kommunevise arealrekneskap
Datagrunnlag og analyse
Informasjon om areal som er utbygd eller opparbeida er basert på Statistisk sentralbyrå (SSB) sitt datasett for arealbruk (2023). Vidare informasjon om arealtypar er basert på arealressurskarta AR5 og AR50. Planinformasjonen bygger på ein mosaikk av kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar. I tillegg er det i analysen brukt data frå Felles Kartdatabase (FKB) for tiltak, bygning og veg.
Det viktig å presisere at arealrekneskapet er ein analyse, og at det ikkje erstattar offisiell statistikk på inkluderte tema. Det er kjente feil og manglar i dei datasetta som er brukt, samtidig er dette rekna som det beste datagrunnlaget vi har per i dag.
Analysen er gjort etter modell frå Agder fylkeskommune, som gjorde eit førstegongsarbeid på denne typen arealrekneskap i 2022. Analyseavdelinga i Agder fylkeskommune har delt raust om bruk av modellen og presentasjonsform. Dette har medført at fleirtalet av fylkeskommunane no er i stand til å presentere tilsvarande arealrekneskap både på fylkesnivå og per kommune.
Arealrekneskapet og dei verktøya vi publiserer dette ut i, gir høve til å dykke inn i talgrunnlag og visualisering i kart for å oversikt over – og forstå – korleis areala er i bruk i dag og korleis dei er tenkt brukt. Analysen går ikkje inn i potensiale for transformasjon og fortetting, og det er framleis behov for å diskutere kva som ligg i tala. Vi håpar verktøya gir eit godt grunnlag for denne diskusjonen.
Vidare arbeid med arealrekneskap
Ettersom arbeid med areal- og naturrekneskap er i rask utvikling set vi stor pris på tilbakemeldingar knytt til innhald og formidling av arbeidet.
Vi følger diskusjonen i fleire nettverk, og vil justere arbeidet vårt etter utviklinga, samtidig som vi har fokus på kva som er unike forutsetningar i eige fylke.
NYVEST
Rogaland fylkeskommune skal blant anna samarbeide med Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar, Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) og Vestlandsforsking for å få til dette gjennom prosjektet NYVEST støtta av Forskningsrådet.
KS-prosjekt
Vi oppfordrar alle kommunar i fylket til å følgje plenumssamlingane i KS sitt prosjekt Areal- og naturregnskap i kommunal planlegging. Prosjektet følger arbeid med og utvikling av areal- og naturregnskap i 8 ulike kommunar og fylke og vil dele resultat for dette i fire plenumssamlingar per år den neste treårsperioden. Delprosjekta strekk seg frå utvikling av naturkunnskap og digitale verktøy, til samhandlingsprosessar med kommunane for å undersøke og bidra til bruk- og nytteverdi av areal- og naturrekneskap i kommunal planlegging.
Påmelding til plenumssamling i KS-prosjektet Areal- og naturregnskap i kommunal planlegging, del 3.
Fylkeskommunen kan bidra med å publisere arealrekneskap
Fylkeskommunen bidrar gjerne med å publisere arealrekneskap for forslag til kommuneplan, spesielt for kommunar i høyringsprosess. Inntil vidare baserer vi dette på Agdermodellen sjølv om denne avvik noko frå malen Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) legg opp til gjennom sin nye rettleiar for utarbeiding av arealregnskap ved rullering av kommuneplan. Vi håpar likevel dette kan bidra til eit endå betre kunnskapsgrunnlag om både noverande og planlagt arealbruk i fylket vårt.
Arealrekneskap med natur, eller naturrekneskap?
Arealrekneskapet for 2023 inneheld ingen informasjon om naturverdi eller naturtypar utover å nyansere arealtypane med eigenskapar som er registrert i arealressurskarta.
I februar lanserte Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO), SSB, Miljødirektoratet og Kartverket i fellesskap «Grunnkart for bruk i arealregnskap» i testversjon. Det er likevel eit behov for å utvide arealrekneskapet med heilskapleg og heildekkande naturinformasjon. I tillegg skjer det arbeid på nasjonalt nivå med å utarbeide standardar for naturregnskap som også inkluderer økologisk tilstand og verdsetting av naturgode og naturkapital.
Aktuelle referansar
Arealrekneskap for Agder fylke 2022
Arealrekneskap for Akreshus, Buskerud og Østfold fylker 2023
Les meir om NYVEST – Nyskapande metodar for naturkartlegging og arealrekneskap på Vestlandet
Les KDD sin rettleiar – Arealrekneskap i kommuneplan
Les NIBIO-rapport om Arealrekneskap som kartgrunnlag og arbeidsmetode
Les NINA-rapport om planlagt utbyggingsareal i Norge