Mobbeombod for barnehage og grunnskole

Vi skal vere med og sikre at barn og unge opplever eit trygt og godt psykososialt miljø i barnehagen og på skolen. Omboda er uavhengige ressurspersonar med teieplikt, og vi går ikkje vidare med saker utan samtykket ditt.

Mobbeombod for barnehage og grunnskole

Marit Nygård Roth

Send e-post

Mobil: 45 44 59 89

Send førespurnad på ein sikker måte via eDialog.

Merk førespurnaden med "Mobbeombud for barnehage og grunnskole".

 

Portrettbilde av mobbeombud for barnehage og grunnskole - Klikk for stort bilde

Kven kan kontakte mobbeombodet for barnehage og grunnskole?

  • Barn, elevar, foreldre/føresette og andre rundt barnet eller eleven
  • Barnehageleiarar, skoleleiarar og andre tilsette i barnehage og skole

Kva gjer mobbeombodet for barnehage og grunnskole?

  • Støttar og rettleiar barn, elevar og foreldre/føresette i saker om psykososialt miljø
  • Jobbar førebyggande med informasjon og opplæring for barn, elevar og foreldre / føresette
  • Bidreg til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handterte
  • Bidreg til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
  • Synleggjer og informerer om mobbeombodets rolle i kommunane

Les meir om retten til eit trygt og godt barnehage-og skolemiljø på nettsidene til Udir.

Les meir om omboda i Noreg.

Årsrapportar

Årsrapport for mobbeombudet for barnehage og grunnskole i Rogaland 2022/2023 (PDF, 716 kB)