16,4 millionar til berekraftig omstilling

20 prosjekt i Rogaland har fått tildelt til saman 16,4 millionar kroner gjennom tilskotsordninga «Berekraftig omstilling i Rogaland». Dette er første gong midlar vert utdelt gjennom ordninga.

Hydrogenbeholdere står inntil en vegg i NORCE sine lokaler - Klikk for stort bildeNorce Norwegian Research Centre AS sitt arbeid med hydrogen som drivstoff er blant prosjekta som får støtte frå ordninga "Berekraftig omstilling i Rogaland". Michelle Folgerø, Rogaland fylkeskommune

Tilskotsordninga blei lyst ut 13. mai med søknadsfrist 1. september 2024. Innan fristen kom det inn 42 søknader.  Søknadane kom frå søkarar registrert i 13 av kommunane i Rogaland.

Fylkesdirektøren har vurdert alle og innvilga støtte til 20 prosjekt, med eit samla beløp på 16 433 750 kroner i denne fyrste tildelinga. 

Tildelinga blei vedteke i regional, kultur og næringsutvalet (RKNU) 14. november. Under handsaminga av tilskotsordninga uttrykte utvalsleiar Unni Fuglestad at tilskotsordninga treff godt. 

– Det har kome veldig mange spanande og gode søknader og det er gjort gode vurderinger av fylkesdirektøren i forhold til tildelinga, seier RKNU-leiar Unni Fuglestad. 

Sjå handsaminga i regional, kultur og næringsutvalet (RKNU)

Desse prosjekta får tilskot:

Tilskot til berekraftig omstilling 2024
Verksemd/organisasjon Tiltak Tilskot
Norce Norwegian Research Centre AS Innovasjonsarena for hydrogenverdikjede 1 000 000 kroner
Cetus AS Datadrevet fiskeri for lavere klimagassutslipp 1 000 000 kroner
AKVA Group AS Kompetanseprogram for AKVA group 1 000 000 kroner
Kolumbus AS Stor selvkjørende buss 1 000 000 kroner
Lund Gruppen Holding AS Bærekraftig framtid for Lund-konsernet 1 000 000 kroner
Hubben Prosjektet BOR-søknad Hubben 1 000 000 kroner
Haugaland vekst Welcome hub Haugalandet 1 000 000 kroner
Validé AS Grønn FoU-akselerator 1 000 000 kroner
Dalane Utdanningssenter Kompetanseløft Dalane 1 000 000 kroner
Region Stavanger Sertifisering Bærekraftig reisemål 1 000 000 kroner
Ryfylke IKS Utvikling av trainee-program 1 000 000 kroner
Gjesdal kommune KI-basert samtalesimulator 998 750 kroner
Remota AS Remota RAS 980 000 kroner
Olaussens Metall AS Fremtidige bærekraftkrav fra EU 750 000 kroner
Enkon varmepumper Miljøfyrtårn og bærekraftstrategi 550 000 kroner
Rogaland Ressurssenter Sirkulære byggevarer 500 000 kroner
Aarbakke Anlegg for redusert oljeavfall 490 000 kroner
Maritime CleanTech Utslippsfri maritim transport hub 467 500 kroner
Sammen om en jobb Digital rekruttering og inkludering 422 500 kroner
Medvind24 næringshage Kompetanseheving og rekruttering 275 000 kroner

Temaområde

Ordninga har to temaområde: «omstilling for grøn verdiskaping» og «rett kompetanse og tilstrekkeleg arbeidskraft».

Kvar temaområde har undertema og tiltak som kan støttast. Desse temaområda er valde for å fremje vekst og berekraftig utvikling i heile Rogaland, og er utforma for å møte spesifikke behov og utfordringar i fylket, samt utnytte moglegheitene som ligg der. 

Tildelingar skal dermed vere i tråd med fylkeskommunens Regionalplan for kompetanse eller Nærings- og innovasjonsstrategien.

42 søknadar – stor breidde

Ved søknadsfristen 1. september kom det inn 42 søknadar, der 20 til slutt fekk tilskot. 

Rune Thele. Foto - Klikk for stort bildeRune Thele, samfunnsdirektør i Rogaland fylkeskommune.

Fylkesdirektøren er nøgd med det høge talet på søknadar som kom inn. Prosjekta varierer i storleik og omfattar fleire av dei tematiske områda, og dekker heile Rogaland.

– Det er stor breidde i tema og geografisk tilhøyrsel. Søknadene har gjennomgått ei grundig evaluering. Prosjekta fylkesdirektøren anbefalar, er av høg kvalitet, noko som sannsynleggjer at dei vert gjennomførte på ein god måte og vil påverke berekraftig omstilling i Rogaland, seier samfunnsdirektør Rune Thele.

Evaluerer ordninga

Berekraftig omstilling Rogaland er ein omfattande ordning som rommar mange ulike typar prosjekt og rettar seg mot mange målgrupper.

Fylkesdirektøren vil etter tildelinga evaluere støtteordninga basert på erfaringane frå denne fyrste utlysinga. 

– Erfaringane frå denne fyrste utlysinga vil danne grunnlag for eventuelle justeringar i ordninga, opplyser samfunnsdirektør Thele.