Ytstebrødveien
– Innbyggarane på Eigerøy har venta lenge på dette prosjektet. Vi gleder oss til å gå i gang med å bygge etter sommaren i august/september, seier prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune Åsbjørn Søyland.
Kontrakten blei lyst ut som ein totalentreprise. Det vil seie at entreprenøren skal prosjektere dei tekniske løysingane før arbeidet kan begynne. Fristen for å levere inn tilbod var 22. februar. Det kom inn tre tilbod frå Risa AS, Bertelsen & Garpestad AS og Bjelland AS.
Totalvurdering viktigast
Konkurransen blei evaluert ut frå fleire kriterium, pris åleine var ikkje avgjerande.
– Vi har blant anna sett på korleis entreprenøren vil organisere og gjennomføre prosjektet, planar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø, og ikkje minst klimaløysingar som gir mindre utslepp i byggeperioden, forklarer prosjektleiaren.
Bertelsen & Garpestad skåra høgast på totalvurdering, og hadde òg den lågaste tilbudssummen på 93 millionar kroner. Rogaland fylkeskommune signerer kontrakt med Bertelsen & Garpestad i midten av april når klagefristen (karensperioden) er over. Prosjektet skal vere ferdig bygget 1. april 2025
Tryggare veg for gåande og syklande
Byggeprosjektet omfattar 3 kilometer mellom Leidland og Skadberg. Prosjektet gir tryggare veg for gåande og syklande, og betre veg for bilistane. Det er totalt 94 eigedommar som blir direkte involverte av prosjektet.
Arkeologiske utgravingar blei utført sommaren og hausten 2021.
Her skal gang- og sykkelveien bli bygget. Veien blir også utvidet og får gul midtlinje.
Informasjonsmøte
Fylkeskommunen planlegg eit informasjonsmøte før sommaren for alle interesserte. Invitasjon blir sendt til grunneigarar som er råka av byggeprosjektet. Tid og stad for møtet blir òg annonsert i avisa og på Eigersund kommune sine nettsider.
Dette skal bli bygd
- ny gong- og sykkelveg med rabatt mellom vegen og gong- og sykkelvegen
- utvidar vegen til minimumsbreidde for gul midtstripe
- nokre avkøyrslar og sidevegar blir lagt om eller stengt
- det skal byggast fleire kantstopp for buss
- nytt lysanlegg på heile strekninga
- røyr og kablar blir delvis bytte ut eller flytta.
- skilt og oppmerking