Det har Stortinget vedteke etter budsjettforliket og i tråd med Hurdals-plattformen. Tannhelse Rogaland FKF jobbar no for å få på plass tilbodet i fylket sine tannklinikkar.
Alle i aldersgruppa som har vore til tannbehandling i januar eller februar, kan få refundert delar av utgiftene sine, inntil halv pris av fylkeskommunale takstar. På nettsida til Tannhelse Rogaland ligg meir informasjon om ordninga og korleis det er mogleg å få refundert pengar.
Tannhelsetenester er gratis for barn til og med 18 år. Unge som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret, betaler 25 prosent av takstar fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet. 21- og 22-åringane får no 50 prosent rabatt.