Ein million til 11 utviklingsprosjekt for kulturmiljø

11 søkarar får til saman 1 million kroner til ulike utviklingsprosjekt så som formidling, pilotprosjekt skilting og liknande.  

Båtbyggar med høvel. Foto - Klikk for stort bildeStiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter er ein av dei som får støtte fra den nye tilskotsordninga til utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet.

Prosjekta skal bidra til at kulturmiljøa i Rogaland blir tatt i bruk og gjort kjend for publikum. Kommunar, frivillige organisasjonar, bedrifter og andre aktørar gjer ein stor innsats for å formidle vår felles kulturarv, og støtteordninga skal bidra til utvikling og nyskaping for desse aktørane. Difor gir fylkeskommunen støtte til ulike verdiskaping- og utviklingsprosjekt i heile Rogaland.  

Fyrste tildeling

Flyfoto over Vidbrandsøy anno 1947. Foto - Klikk for stort bildeVibrandsøy, med det flytande kvalkokeriet Suderøy i forkant. Foto: Foto: K. Harstad, 1947. Haugalandmuseet

– I år blir det blant anna gitt støtte til formidling av kvalfangsthistorie på Vibrandsøy i Haugesund, ein verdiseglas for ungdom langs kystpilegrimsleia, ein digital 3D-modell av Stavanger domkirke og registrering av viktige kulturminne i Lysefjorden, seier Kristian Valen, rådgjevar i Rogaland fylkeskommune.

Ordninga er ein oppfølging av regionalplan for kulturmiljø, og det er fyrste gong det blir delt ut midlar.  

Les meir om tilskotsordninga til utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet.

Følgjande tilskot for 2024 vart bestemt av regional-, kultur- og næringsutvalget 20. mai: 

Tilskot til utviklingsprosjekt på kulturmiljøfeltet i Rogaland 2024
Søkar Prosjektnavn Tilskot 2024
Anders Schanche Rettedal Pilotprosjekt og formidling av kulturmiljøet på Utstein 100 000
Eigersund kommune Pilotprosjekter - mulighetsstudie for trehuskvartalet Kirka - Skriveralmenningen i Egersund 80 000
Stiftelsen Engøyholmen Kystkultursenter  Kulturmiljø som arena for restaurering av tradisjonsbåter 150 000
Haugesund kommune Verdiskapningsprosjekt Vibrandsøy 40 000
Karmøy kommune Lær av fortiden - lytt til framtiden 50 000
Klepp kommune Digital 3D visning av Helleberget 40 000
Kvitsøy kommune Kulturhistorisk formidlingsplan med formidling av krigsminner som første milepæl 100 000
Lund kommune Lund Kultursti 70 000
Næringshagen i Ryfylke as Demokratisering og  aktivisering av kulturarven gjennom hologram 120 000
Sandnes kommune Ajourføre kulturminneregistrering i Lysefjorden Forsand område. 150 000
Fakkelfilm Byen og katedralen 100 000