Styret i Regionalt forskningsfondRegionalt forskingsfond Rogaland (RFF) lyser i 2023 ut ni millionar kroner til regionale hovudprosjekt for både bedrifter, kommunar og offentlege verksemder i Rogaland. Søknadsfrist er 31. mai 2023.
Prosjekt som tar utgangspunkt i viktige utfordringar for næringsliv og offentleg sektor og startar forskingsaktivitetar som bidreg til innovasjon og berekraftig verdiskaping kan søke støtte fra fondet. Det er mogleg å søka om mellom ein og tre millionar kronar i støtte til hovudprosjektet, med støtte inntil 50 prosent av prosjektkostnadane.
Unik innovasjon
Prosjektet må ta utgangspunkt i ein unik innovasjonsidé hos ein eller fleire prosjektdeltakarar, og det skal takast i bruk ny kunnskap eller ny teknologi for å lukkast med innovasjonen.
Nytt frå 2023 er at det ikkje er krav at bedrifter eller offentleg sektor har med ein forskingsaktør som partnar eller leverandør, dersom prosjektansvarleg kan dokumentera relevant forskingskompetanse gjennom partnarskapet.
Aktuelle temaområde for utlysinga er følgjande:
- rein energi og redusert klimaavtrykk
- maritim framtid og havvind
- mat
- reiseliv og oppleving
Les meir om utlysinga på RFF Rogaland si nettside