Første spadestikk for ny gang- og sykkelveg på Eigerøy i Eigersund

Torsdag 28. september ble første spadestikk satt for ny gang- og sykkelveg langs Ytstebrødveien mellom Leidland og Skadberg. Sjølve vegen skal óg bli utvida og få gul midtlinje.

Syv pensjonister, damer og menn, som jubler over at byggingen er i gang - Klikk for stort bildeDesse naboane i Ytstebrødveien har venta og venta på gang- og sykkelveg. No er bygginga endeleg i gang.

Med på markeringa var leiar for samferdselsutvalet Ole Ueland, varaordføraren i Eigersund kommune Leif Erik Egaas og entreprenør Bertelsen & Garpestad AS.

– Det er ein 17. mai song som heiter «Tenk at nå er dagen her som jeg har lengtet etter» og den dagen er ikkje 17. mai, det er i dag 28. september 2023, sa varaordføraren i Eigersund Leif Erik Egaas.

Første del av gong- og sykkelveg mellom Leidland og Skadberg stod ferdig i 2017/18. No blir del to bygd, og gong- og sykkelvegen som Eigerøy har venta på i 20–30 år blir endeleg ferdig.

Påtroppande fylkesordfører Ole Ueland til høgre i bildet, og varaordføraren i Eigersund tok det første spadestikket.

– Det har vore eit stort lokalt engasjement for å få dette på plass. I fylkeskommunen har vi jobba med vegen lenge, og det har vore viktig for fylkestinget å få prioritert opp dette prosjektet. Det er vi veldig glade for at vi har fått til, sa leiar for samferdselsutvalet Ole Ueland.

Ferdig 1. april 2025

Byggeprosjektet omfattar 3 kilometer mellom Leidland og Skadberg. Prosjektet gir tryggare veg for gåande og syklande, og betre veg for bilistane. Det er totalt 94 eigedommar som blir direkte involverte av prosjektet.

Arkeologiske utgravingar blei utført sommaren og hausten 2021. Prosjektet kostar 174 millionar kroner, og vegen skal vere ferdig bygd 1. april 2025.

illustrasjon sim viser hvordan gang. og sykkelvegen skal bygges på venstre side av vegen. - Klikk for stort bildeHer ser du korleis det er planlagt at vegen skal bli ved Ytstebrødveien 138, som ligg til venstre i bildet. Dette er omtrent midt på strekket i fase 1, og i dette utsnittet vil vegen ligge omtrent der eksisterande veg er, gang- og sykkelvegen blir bygd til venstre. I svingen lenger frem i bildet skal vegen ligge opptil 5 meter ut mot høyre. Nokon endringar og mindre justeringar kan komme.

Dette skal bli bygd

  • ny gang- og sykkelveg med rabatt mellom vegen og gong- og sykkelvegen
  • utvidar vegen til minimumsbreidde for gul midtstripe
  • nokre avkøyrslar og sidevegar blir lagt om eller stengt
  • det skal byggast fleire kantstopp for buss
  • nytt lysanlegg på heile strekninga
  • røyr og kablar blir delvis byte ut eller flytta.
  • skilt og oppmerking

–Trafikkflyten kjem stort sett til å gå greitt i byggeperioden. Vi forventar berre nokre kortvarige stengingar, fortel prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune Åsbjørn Søyland.

Prosjektet er delt inn i fire delfasar, og byggast trinnvis i følgande rekkefølge:

Fase 1: Leidland i aust – avkøyrsel ved Stie (aust)

Fase 2: Stie aust – Stie vest (omtrentleg plassering)

Fase 3: Stie vest – Myklebust

Fase 4: Myklebust – Skadberg

Bertelsen og Garpestad skal bygge ny gong- og sykkelveg på Eigerøy

 

Kart som viser området som blir berørt av byggeprosjektet - Klikk for stort bilde