Jaktar nye løysingar for å ta vare på kulturarven

Kva skjer med kulturarven når klimaet utviklar seg som det gjer – med stadig meir ekstremvêr og svingingar? Det freistar fagfolk frå heile landet å finna ut av under Klimathon 2024.

Publikum høyrer på ei framsyning frå scenen. - Klikk for stort bildeFagfolk fra heile landet er samla til klimakonferansen Klimathon i Haugesund. Kristian Valen, Rogaland fylkeskommune

Klimathon 2024 går av stabelen i Haugesund denne veka. Der er ei rekkje forskarar, fagfolk og andre interesserte på tvers av ulike sektorar frå heile landet, i tillegg til fagfolk både fra ulike stader i Europa og USA samla for to dagar med diskusjonar, idéutveksling og påfyll av kunnskap i skjæringspunktet mellom kulturarv og klimakrise. 

Fleire personar sit rundt bord og diskuterer. - Klikk for stort bildeGruppediskusjonar under Klimathon 2024 i Haugesund. Kristian Valen, Rogaland fylkeskommune

Konferansen set mellom anna søkjelys på korleis kulturarven kan vera med på å løyse klimaproblema norske kommunar opplever. 

Fleire personar i ein sal lytter til foredrag. - Klikk for stort bildeFagfolk frå heile landet er samla i Haugesund for tida. Matthew Reeve/ Village Green

– Vi har visst lenge at vi må tilpasse kulturarven til klimaendringane, men ikkje snakka like mykje om at kulturarven vår spelar ei nøkkelrolle når samfunnet skal tilpasse seg eit endra klima. I Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljø (2021) peiker dei på korleis me bør tilpasse våre kulturmiljø til eit endra klima, samt korleis kulturmiljøfeltet kan bidra til reduksjon av klimagassutslepp. Me ynskjer på Klimathon å undersøke eit tredje felt, korleis kulturarven kan bidra til gode kulturbaserte løysningar for klimatilpassing, seier Carlo Aall ved Vestlandsforsking.   Han er ein av innleiarane under konferansen. 

Mann foran prosjektor forklarer.  - Klikk for stort bildeCarlo Aall ved Vestlandsforskning under sitt innlegg på Klimathon onsdag føremiddag. Matthew Reeve/VillageGreen

Samarbeid på tvers av fag

Kristian Valen foran Klimathon-plakat. - Klikk for stort bildeRådgivar Kristian Valen i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune er tilstades på Klimathon 2024. Rogaland fylkeskommune

I Rogaland samarbeider faggrupper frå både klima, næring, samferdsel og kulturarv med same mål. Det er arbeid som vert trekt fram som døme på korleis ein bør freista å næra seg desse problemstillingane framover. 

­– I tillegg til det me kan lære av fortida, ser me at klimaendringane skapar store utfordringar for våre kulturmiljø, havnivåstigning, auka hyppighet på stormflo og ekstremvær og andre endringar gjer auka behov for vedlikehald på eldre bygg, særleg langs sjøen. Dette gjer at eigarar, kommunar, museum og me i kulturmiljøforvaltninga må legge stor innsats for å redde vår felles kulturarv, seier rådgivar Kristian Valen i Rogaland fylkeskommune.  

Kulturarv som problemløysar

Eit av hovudmåla med konferansen er å utveksle tankar og innspel, og på den måten freista å finne nye måtar å angripe desse problemstillingane på. Kunnskapsdeling og problemløysing på tvers av fag og sektor blir viktig i jakta på nye løysingar.

Det handlar mellom anna om korleis dei som driv med forsking og forvaltning kan lære av, og støtte opp under, lokale kulturelle praksisar som reduserer naturfarar, hjelper naturen og i tillegg skapar trivselsfremjande sosiale arenaer.

– Vi diskuterer viktige spørsmål om korleis kulturbaserte løysingar kan sjå ut, og kva for utfordringar dei kan løyse i arbeidet med klimatilpassing, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve i Village Green.  

Elv som går over sine bredder. - Klikk for stort bildeI Rogaland vedtok fylkestinget i 2021 at fylket skal vere eit føregangsfylke innan miljø og klima. Her frå Kvednahola i Suldal. Ryfylkemuseet

Rogaland som føregangsfylke

I Rogaland vedtok fylkestinget i 2021 at fylket skal vere eit føregangsfylke i Europa innan klima og miljø, og klimatilpassing av kulturarv er eit viktig moment i dette arbeidet. 

Tematikken er godt forankra i «Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035», der det mellom anna heiter at «klimaendringane framover vil bli fleire, i form av brå hendingar som ekstremvêr, flaum, ras og stormflo påverkar kulturmiljøa. Dei langsiktige effektane av aukande nedbør, stigande havnivå og kortare tørkeperiodar kan også føre til skadar i framtida».

Bølger slår innover en hvit bygning i sjøkanten.  - Klikk for stort bildeKulturbaserte løysingar innebærer å lære av vår kulturarv i klimatilpassingsarbeidet, til dømes av tradisjonell byggeskikk når me skal bygge framtidsretta og tilpassa bygg for framtida klima. Her fra då stormen Nina var på besøk på Sand i 2015. Tor J. Jørgensen

Arbeidet etter vedtaket i 2021 har mellom anne ført til at Rogaland i 2022 vart valt som ein av Europas føregangsfylker innan klimatilpassing, og i 2023 vedtok fylkestinget å klimatilpasse kulturarv og samtidig at fylket skal prioritere internasjonalt samarbeid i samband med EUs samfunnsoppdrag på klimatilpassing.

– I Rogaland er ein allereie langt framme i denne tankegangen, blant annet gjennom tverrfagleg samarbeid, seier Kalliopi Kallesi, som er koordinator for EUs samfunnsoppdrag på klimatilpasning i Rogaland fylkeskommune. 

Klimathon 2024 vil ende med ein plakatutstilling som står på Haugesund folkebibliotek frå 17-31. oktober som er open for alle.

Desse arrangerer Klimathon:

Les meir om konferansen her