– Endeleg blir det tryggare å gå og sykle til skulen! Linnea Salvesen (mørk jakke) og Nora Jakobsen frå elevrådet på Håland skule fekk vere med å ta første spadestikk for den nye gang- og sykkelvegen som kjem langs Ølbergvegen, Ølberg Havneveg og Vigdelvegen. Både fylkesordførar Marianne Chesak og ordførar Tom Henning Slethei hjelpte til med spadene.
Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken og omfattar to og ein halv kilometer gang- og sykkelveg i Sola kommune.
Vegen kjem nokre kilometer sørvest for Sola sentrum, og er ein viktig skoleveg for barn som bur på Vigdel og Ølberg.
– Med denne gang- og sykkelvegen blir det lettare og tryggare for dei som går og syklar mellom Ølberg og Vigdel. Når prosjektet er ferdig, får dei mjuke trafikantane samanhengande gang- og sykkelveg mellom Håland skole og Nordsjøvegen, seier Knut Skaar, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune.
Strekninga er cirka to og ein halv kilometer lang. Truleg kjem entreprenøren til å jobbe på fleire stader langs strekninga. Den nye gang- og sykkelvegen skal vere ferdig seint neste år.
– For å få plass til gang- og sykkelvegen, må delar av vegen flyttast. I tillegg må vi fjerne nokre avkøyrsler for å gjere sykkelvegen trafikksikker. Men vi gjer det vi kan for at ulempene blir så små som mogleg for dei som bur og ferdast i nærleiken, seier prosjektleiaren.
Stangeland Maskin AS er hovudentreprenør i prosjektet.
Markering av første spadestikk på viktig gang- og sykkelveg i Sola.
Odd Kristian Stokka, Sola kommune.