Ny tilskotsordning for kulturmiljøprosjekt

Kommunar, ideelle organisasjonar, bedrifter og landbruksforetak kan no søke støtte til utvikling og verdiskaping på kulturmiljøfeltet. 

Vikingskip ved Utstein kloster. Foto - Klikk for stort bildeVikingskipet Gaia ved Utstein kloster i Stavanger under Rikssamlingsjubileet i 2022. Trine Nessler Wichmann

Det beste vernet for kulturminne er at dei er i bruk og kjende for publikum. Støtteordninga skal bidra til at kulturmiljø i Rogaland blir brukt og gjort kjend. Vi nytter kulturmiljø som eit samleomgrep for både fysiske kulturminne og anna kulturarv i regionen vår.  

Kommunar, frivillige organisasjonar, bedrifter og andre aktørar gjer ein stor innsats for å formidle vår felles kulturarv, og støtteordninga skal bidra til utvikling og nyskaping for desse aktørane. Totalt skal en million kroner deles ut og søknadsfristen er 1. mars.

Prosjekt som bidreg til auka kunnskap og bruk av kulturmiljø i Rogaland har ikkje vore dekka av våre støtteordningar tidlegare, og no skal fylkeskommunen bidra i dette viktige arbeidet. Støtteordninga er ein oppfølging av regionalplan for kulturmiljø.  

Kva kan du søke om?

Støtteordninga skal bidra til utviklings- og verdiskapingsprosjekt:

  1. formidling og tilrettelegging av kulturmiljø og kulturarv, både fysisk og digitalt  
  2. kurs og arrangement som bidrar til auka kunnskap og engasjement om kulturmiljø og kulturmiljøvern  
  3. moglegheitsstudiar, forprosjekt, analysar, pilotprosjekt eller andre prosjekt for å vurdere nye måtar å skape verdiar med utgangspunkt i kulturmiljø 
  4. kunnskapsinnhenting og andre prosjekt som skal utvide kunnskapsgrunnlaget om kulturmiljø i Rogaland  

Dette er til dømes:  

  • skilting og formidling av historiske turruter eller andre kulturminne  
  • historiske båtruter eller anna ny bruk av verna fartøy  
  • kurs i tradisjonshandverk  
  • informasjon og rådgivingsprosjekt  
  • utviding av kunnskapen om kulturmiljø  
  • kartlegging av mindre kjende kulturminne  
  • regionale kulturmiljøarrangement  
  • moglegheitsstudie og andre utviklingsprosjekt for å vurdere nye måtar å skape verdiar med utgangspunkt i kulturmiljø  
  • pilotprosjekt for reiselivsutvikling eller andre prøveprosjekt  
     

Ordninga skal vere nyskapande, og fylkeskommunen ynskjer at søkarar er kreative og kanskje finner nye måtar å bruke kulturmiljø i lokal utvikling? 

Informasjon og retningslinjer

Les meir informasjon om ordninga, søknadsskjema

Onsdag 10. januar klokka 12.00 arrangerer fylkeskommunen eit digitalt informasjonsmøte.

Informasjon og påmelding  til digitalt møte

Kva meiner vi med kulturmiljø?

Kulturmiljø er lansert som et samlebegrep for fagfeltet i sin helhet. Dette ble gjort for å forsterke forståelsen av hvordan kulturmiljøfeltet er tilknyttet den øvrige klima- og miljøpolitikken, og for å framheve betydningen av helhet og sammenheng. 

I dagligtale bruker vi likevel ofte begrepene kulturarv eller kulturminner, men kulturmiljø kan også brukes om sammenhengende miljøer, for eksempel Sogndalstrand.