Ny tilskotsordning for næringsutvikling

Den nye tilskotsordninga, berekraftig omstilling i Rogaland, skal leggje til rette for miljø- og klimavennleg verdiskaping i næringslivet og bidra til tilstrekkeleg med kompetanse i heile fylket.

Tre mennesker som smiler. Foto - Klikk for stort bildeMarit Fosse, Ole Kristian Bratset og Cato Lassen i næringsseksjonen i Rogaland fylkeskommune gleder seg til å gå gjennom søknadane som kjem inn.

– Me er glade for å kunne introdusera ei ny og forbetra tilskotsordning som kan leggje til rette for at Rogaland blir ein inkluderande og miljøbevisst region. Denne ordninga er tenkt for å støtta små og store endringar, både gjennom nye idear og ved å forbetre det me allereie har. Vi oppmodar til å søkje, og ser fram til å sjå kva nyskapande prosjekt som kjem inn, seier Cato Lassen, rådgjevar i Rogaland fylkeskommune. 

Den nye tilskotsordninga koplar saman fleire tidlegare tilskotsordningar, og er eit resultat av ein prosess der fylkeskommunen ønskjer å forenkla og effektivisera forvaltninga av tilskotsordningar for næringsutvikling. Tilskotsordninga vart vedteke av fylkestinget i april. 

– Gjennom ein samla innsats på tvers av fagområde i næringslivet og offentleg sektor, kan me no tilby ei målretta ordning som møter næringslivet sitt behov for verdiskaping og kompetanse, seier Unni Fuglestad, leiar av regional-, kultur- og næringsutvalet. 

Unni S Fuglestad V portrett. Foto - Klikk for stort bildeUnni Fuglestad, leiar av regional-, kultur- og næringsutvalet.

To satsingsområde

Ordninga har to satsingsområde. Det første er omstilling for grøn verdiskaping, og rettar seg mot prosjekt innan klima- og teknologiomstilling, industrielle symbiosar og berekraftsleiing. Det andre satsingsområdet, rett kompetanse og tilstrekkeleg arbeidskraft, omfattar prosjekt som skal bidra til omstilling av kompetanse, effektiv integrering av innvandrarar, og dessutan rekruttering og kvalifisering av utanlandsk arbeidskraft. Satsingsområda er utforma for å møta spesifikke behov og utfordringar i Rogaland, og for å nytta moglegheitene fylket har. 

– Omstilling kan ofte vere radikalt for dei det gjeld, og me ønskjer at ordninga skal vere ei risikoavlasting slik at bedrifter lettare kan gjennomføra klima- og miljøvennlege tiltak. Ordninga skal også bidra til å sikra ein meir mangfaldig og velfungerande arbeidsstyrke der alle kan ta del i dei nye moglegheitene som kjem ved ei omstilling, seier Fuglestad. 

Kven kan søkje

Private bedrifter, fylkeskommunalt eigde selskap og bedrifter, interkommunale og kommunale utviklingsselskap, næringshagar og inkubatorar og klyngjer eller fleire bedrifter ilag kan søkje om midlar gjennom tilskotsordninga. Det kan søkjast om inntil éin million kroner per prosjekt, og fylkeskommunen kan dekkja opptil 50 prosent av totalbudsjettet. 

Les meir om kva du kan søkje støtte til og korleis du søkjer