– Vi er heilt avhengige av handverkarar som har kunnskap til å ta vare på bygga våre, meiner Grete Holmboe i Fortidsminneforeningen.
Rogaland fylkeskommune har i vår oppretta eit nytt utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar innan bygnings- og fartøyvern. Søknadsfristen for stipendet er 1. juni og til hausten blir det delt ut to stipend på 75 000 kroner kvar. Stipendet skal skape merksemd om tradisjonshandverkarens viktigheit for ivaretakinga av våre kulturminne og handverket som del av den immaterielle kulturarven.
Utdøyande handverk
– I mange år har eg vore oppteken av å fremje kunnskap om tradisjonshandverk. Grete Holmboe
Ryfylkemuseet
Vi er heilt avhengige av at handverkarar er i stand til å utføre det tradisjonelle handverket som bygga våre er bygd i. Vi kan ikkje drive truverdig bygningsvern utan å ha rett handverks-kompetanse tilgjengeleg, seier Grete Holmboe, leiar av Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag og styremedlem i Fortidsminneforeningen i Rogaland.
Ho har tidlegare jobba ved Ryfylkemuseet som bygningsantikvar og opplever at mange tradisjonshandverk er på veg til å døy ut.
– Den gamle tradisjonshandverkaren lærte kunnskapen gjennom arbeidet med ein meister. Dette er kunnskap som er i ferd med å døy ut. Det hastar med å hente han fram og føre han vidare. Eg håper denne stipendordninga kan stimulere unge handverkarar til å skolere seg, og lære meir om tradisjonshandverk, seier Grete Holmboe.
Fordommar mot bygningsvern
June Stuen, direktør ved Dalane folkemuseum, opplever at det er mange fordommar mot gamle bygg og bygningsvern.
– Mange tenker nok «riv skjiten», utan å sjå verdien av det historiske. Vi gløymer at ein stad sin identitet òg heng saman med staden sin arkitektur. Eksempelvis i Egersund og Sokndal, kor det er mykje historisk bygningsmasse, er det ekstra viktig at folk har kompetanse til å ta godt vare på bygga våre. Det er veldig positivt at ei slik stipendordning gir handverkarar høve til å auke kunnskapen om tradisjonell byggeskikk. Stipendet gir eit signal om at tradisjonshandverk er viktig og ei positiv merksemd rundt faget, seier June Stuen.
Berekraft og klimatilpassing
Ho påpeikar at tradisjonshandverk òg handlar om berekraft og klimatilpassing.
– Det er viktig å ha forståing for lokalmiljøet og tilpasse bygningane det lokale klimaet. Dette er viktigare nå enn nokosinne. Det går an å få hus til å vare lenge viss ein kjenner byggjeteknikkane og har forståing for det lokale klimaet, meiner direktøren ved Dalane folkemuseum.
Fylkeskommunane Vestland og Agder har etablert tilsvarande stipendordning for eit par år sidan. I Rogaland blei stipendet vedteke etablert i fylkestinget 22. februar. Profesjonelle handverkarar i tradisjonelle handverksfag som bur og har sitt virke i Rogaland kan søke på utviklingsstipendet.
Verkstøy eller spesialisering
– All merksemd på fagleg utvikling i handverksyrka er viktige, meiner vi. Ein del kunnskap er i ferd med å gå tapt. Det er for eksempel få som kan mure med leire eller pusse med leire, men det er framleis hus i distriktet vårt der leire er brukt som puss på vegg eller mørtel i piper fortel Lars Riese, leiar for faggruppa for «nyare tids kulturminne» i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.
Bygningsvern handlar både om båtar og hus.
– At det er nokon som kan byggjeteknikkane på «den gamle måten» er viktig, ikkje berre i museumsverda. Stipendmottakar kan sjølv velje korleis pengane blir brukte, enten dei kjøper verkstøy, deltek på kurs eller får moglegheit til å spesialisere seg innan aktuelle teknikkar, seier Øyvind Malmin, rådgivar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.
Informasjon om utviklingsstipend til tradisjonshandverkarar