- Bussveien på Gausel er open! Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg klypte snora saman med seksjonsleiar i fylkeskommunen, Anne Margrethe Skretting.
Saman med strekninga som opna for fire månader sidan, er til saman 2,2 kilometer av Bussveien ferdig gjennom Gausel. Også her går bussen i midten, mens det er felt for bilar og syklar på kvar side, i tillegg til fortau.
Også bra for dei som går og syklar
Bussveien er det største prosjektet i Bymiljøpakken, der målet er at dei som går, syklar og reiser med buss skal komme lettare fram.
Harald Bøhn, leiar for Bussveien i Rogaland fylkeskommune er stolt over prosjektet.
– Det kjekke er at når vi bygger Bussveien, så blir det også betre for dei som syklar og går. Nå er det sykkelfelt på begge sider, i tillegg til fortau. Vi har også laga to undergangar ved Teglverksbakken og Gauselkneiken, slik at mjuke trafikantar kan krysse Bussveien trygt, fortel Bøhn.
Han nytta også høve til å takka kommunen, og særleg entreprenør Stangeland Maskin AS for det gode samarbeidet. Prosjektet har levert både på framdrift, kostnadsramme, og helse, miljø og sikkerheit. Entreprenøren har hatt fem lærlingar i arbeid på prosjektet. To av dei tok fagbrevet sitt der. Til saman jobba lærlingane 5700 timar på strekninga.
Forstår at det har vore tøft for naboane
Bussveien er et stort prosjekt, og det er vanskeleg å bygge noko så omfattande utan at det blir merkt i nærmiljøet.
– Det er viktig at vi strekk oss for å gjere byrda så lita som mogleg for dei rundt, seier Bøhn.
Både han, prosjektleiar Dirk Rauch og seksjonsleiar Anne Margrethe Skretting var opptekne av å takke naboar og trafikantar for tolmodet dei har vist i anleggsperioden.
– Vi har halde på sida august 2020, heilt inn i hagane til folk. Vi forstår at det har vore tøft. Både for dei og for folk som køyrer, syklar eller går gjennom området. Heldigvis klarte vi å gjere hagane ferdige den første sommaren, slik vi lova, sa prosjektleiar Rauch.
– Til gode for oss alle
Under markeringa onsdag heldt også Dagny Sunnanå Hausken tale. Ho er varaordførar i Stavanger.
– Nå er verkeleg Bussveien i ferd med å bli realisert. Det er lettare for folk å sjå kva Bussveien etter kvart blir, sa ho.
Varaordføraren minte også om kor viktig Bussveien blir på strekninga rett nord for Gausel, gjennom Jåttåvågen, der bygginga går føre seg for fullt.
– Bussvegen kjem til gode for dei 17000 nye bustadene og arbeidsplassane som kjem der. Han kjem oss alle til gode, sa varaordføraren.
Strekningen i Bussveien som nå er ferdig, er ein del av korridor 1, mellom Hillevåg i Stavanger og Sandnes sentrum, som skal vere ferdig i 2026.