Saman om næringsutvikling i vest

Mennesker i auditorium - Klikk for stort bildeVestlandsrådet er et politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Maren Ege Tjoflåt Torsdag 8. september møttest Vestlandsrådet i Sola. Arbeidet med næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka var nok ein gong eit viktig tema på programmet. Bedriftsbesøk hos batteriprodusent blei det og tid til.

Målet med næringsstrategien er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv. Dette skal mellom anna vere basert på kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringslivet.

Ønsker å sikre vekst og omstillingMennesker sitter i auditorium - Klikk for stort bildeFylkesordfører Marianne Chesak ledet møte i Vestlandsrådet. Maren Ege Tjoflåt

For Vestlandsrådet er det viktig å sikre gode, nasjonale rammevilkår for ny vekst og omstilling for framtidige arbeidsplassar på Vestlandet. Kunnskapen om dette er stor, men fragmentert. Ein overordna næringsstrategi skal samle og systematisere denne kunnskapen.

Vestlandsrådet har nyleg tilsett ein prosjektleiar, Karen Følgesvold, som vil ha fylkeshuset i Rogaland som arbeidssted. Ho skal jobbe med oppfølginga av næringsstrategien i samarbeid med dei andre fylkeskommunane på Vestlandet.

Samhandling med omverda

Denne gongen var Rogaland vertskap for møte. Det faglege temaet var «Vestlandet si samhandling med omverda, nasjonalt og internasjonalt», «Kva strategiar bør ein nytta for å tala sine interesser og for å påverka omverda?» og «Kan vi eigentleg snakka om ein vestlandsidentitet, med fleire ting som samlar enn som splittar?». To professorar belyste dette: Rune Dahl Fitjar ved Universitet i Stavanger, og Håvard Teigen ved Høgskulen Innlandet.

Mann holder presentasjon i auditorium. - Klikk for stort bildePå bedriftsbesøk hos Beyonder. Maren Ege Tjoflåt I tillegg hadde administrerande direktør i GCE Blue Maritime Cluster, Per Erik Dalen, viktige innspel til rådet frå ståstaden sin.

Bedriftsbesøk hos Beyonder

Det blei òg bedriftsbesøk hos Beyonder, som utviklar eigen teknologi for berekraftige battericeller, som blant anna er basert på karbon frå norsk sagflis. Bedrifta er i dag lokalisert i Sandnes, men gründer og sjef i Beyonder, Svein Kvernstuen, har eit ønske om å utvide til ein storproduksjon av batteri på Haugalandet. Dermed er det ekstra viktig å fronte Vestlandet som ein attraktiv arbeidsplass både nasjonalt, men særleg internasjonalt, forklarte Kvernstuen til politikarane.

Dette er Vestlandsrådet:

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane: Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg.

Vestlandsrådet består av representantar frå fylkestinget sine medlemmar i dei ulike fylka.

Representantar frå Rogaland fylkeskommune 2019–2023

1. Medlem: Solveig Ege Tengesdal (KrF)

2. Medlem: Marianne Chesak (Ap)

3. Medlem: Arne Bergsvåg (Sp)

4. Medlem: Ole Ueland (H)

5. Medlem: Margrete Dysjaland (FrP)

6. Medlem: Alexander Rügert-Raustein (MDG)