Samarbeider for å førebygge sjølvmord

tre personer oppstilt for bildet - Klikk for stort bildeHer er Oddmund Holgersen fra LEVE Rogaland, Inghild Vanglo fra Arbeiderpartiet og Rita Småvik fra RVTS. Rita delte sin erfaring om hvordan kommunene kan lage en handlingsplan for selvmordsforebygging. RVTS står for Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebyging.

Frivillige, politikarar og fagfolk var nyleg samla for å lære meir om å førebygge sjølvmord. Samlinga var òg ei moglegheit til å bygge enda betre nettverk – for samarbeid reddar liv.

Fylkeskommunen vedtok i 2018 ein null-visjon for sjølvmord. Inghild Vanglo (Ap) er leiar for politisk styringsgruppe for folkehelse og innleia dagen.

– Eg har sjølv hindra to menneske i å ta sitt eige liv. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på meg og er ein av grunnane til at eg er oppteken av sjølvmordsførebyggande arbeid, sa Vanglo.

Det nyttar å førebygge

Kim Stene-Larsen frå Folkehelseinstituttet forskar på kva som førebygger sjølvmord, og sit i eit nasjonalt forum som gir råd til Helse- og omsorgsdepartementet. Han fortel at det er tre typar tiltak som har dokumentert effekt.

  • Godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Helseføretak gir kjapp beskjed når ein pasient blir skrive ut.
  • Gode tiltak i skolen som skoleprogram, og andre tiltak som når ein større del av befolkninga for eksempel informasjonskampanje. Det er ikkje nødvendig å vite kven som er i risikogruppa.
  • Identifisere «hot spots» det vil seie populære stadar å ta sjølvmord som bruer og toglinjer. Sette i gang tiltak som gjer det vanskeleg eller umogleg å ta livet sitt.

– Vi må aldri slutte å tru at det ikkje nyttar å førebygge. Vi førebygger for eksempel tannhelse og ville aldri gått bort frå det. For meg er det innlysande at vi skal førebygge sjølvmord. Ein sektor åleine kan ikkje forhindre at menneske tek sitt eige liv. Derfor er det så viktig at vi samarbeider, sa Stene-Larsen.

 

gammel passasjerbåt som ligger til kai på Natvigs Minde. Passasjerer går av. - Klikk for stort bildeNettverkssamlingen fant sted på Natvigs Minde. Riskafjord II fraktet deltakerne ut til øya

 

 

Skoleprogrammet YAM for 13–17 åringar

Til hausten skal Bryne vidaregåande og Dalane vidaregåande skole vere med i Rogaland fylkeskommune sitt pilotprosjekt som skal teste ut skoleprogrammet YAM – Youth Aware of Mental Health. Over tre veker i fem skoletimar lærer elevane om psykisk helse og risikofaktorane for sjølvmord. Elevane får verktøy for å handtere stress og krevjande situasjonar. Pilotprosjektet på Bryne vidaregåande og Dalane vidaregåande skal bli forska på av Jæren DPS og Helse Stavanger.

Tidlegare forsking av YAM viser gode resultat internasjonalt. 169 skolar i ti land i Europa var med i ei oppfølgingsundersøking. Etter 12 månader hadde nye sjølvmordsforsøk og alvorlege sjølvmordstankar blitt redusert med nærare 50 prosent blant deltakarane i undersøkinga. Talet på nye tilfelle med depresjon blei redusert med nærare 30 prosent.

Nyleg anbefalte Helsedirektoratet at alle ungdomsskolar i Noreg skal få tilbod om YAM.

Fakta: Det er omtrent 55 sjølvmord i Rogaland i året, og tala er stabile. Det er flest menn som tek sitt eige liv. I 2021 var det 658 sjølvmord i Noreg og 125 av dei var under 30 år, 39 var under 19 år.

 

Gammelt hus på Natvigs Minde - Klikk for stort bildeNatvigs Minde Alle deltakerne sitter å lytter til Rita Småvik sitt innlegg - Klikk for stort bilde