Stor verdiskaping: Landbruket er ei viktig næring

Landbruket i Rogaland er ei viktig næring. Det blir stadfesta i ein fersk rapport. Samla verdiskaping frå landbruk og landbruksbasert industri var 9,7 milliardar kroner i 2022.

Fem personer på rekke i et auditorium. - Klikk for stort bildeStåle Hustoft (Rogaland Bondelag), May Endresen (Rogaland Fylkeskommune), Monica Dahlmo (Statsforvaltaren i Rogaland), Anfinn Rosnes (Statsforvaltaren i Rogaland) og Annabell Pfluger (Rogaland fylkeskommune) Thor Erik Waage, Rogaland fylkeskommune

I den ferske rapporten om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) berekna verdiskapinga frå jordbruket i fylket til å vere om lag 4,2 milliardar kroner for 2022. 

Dei ferske tala viser at Rogaland, trass i at det vert færre bønder, har om lag same del av den totale jordbruksproduksjonen som i 2014. Rapporten syner også at verdiskapinga i landbruket og den relaterte industrien er på til saman 3,1 prosent av den totale verdiskapinga i Rogaland. Det er marginalt høgare (opp 0,5 prosentpoeng frå 2,7) enn i 2017.

11 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri

Sysselsettinga i jordbruket er rekna til 6 285 årsverk, noko som er 84 årsverk meir enn i 2017.  Dette trass i nedgang i tal på føretak. Verdiskapinga frå jordbruket har auka med heile 111 000 kroner i perioden. 

Det tydar, ifølgje rapporten, at færre bønder skaper meir verdiar, noko som igjen betyr at bøndene i Rogaland blir meir effektive. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, er det for 2022 utrekna å vere 3 269 sysselsette. Til saman er over 11 000 sysselsette i landbruket og tilhøyrande industri. 

Flyfoto av bondegård på Jæren. - Klikk for stort bildeVerdiskapinga i landbruket i Rogaland aukar. Det syner ein fersk rapport. Øyvind Nesvåg, Rogaland fylkeskommune

Presenterte funna ved Øksnevad vidaregåande skule

Rapporten vart presentert ved Øksnevad vidaregåande skule, i regi av det regionale landbrukspartnarskapet: Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland skognæringsforum, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Rogaland. 

Hovedbygningen på Øksnevad vidaregåande skule. - Klikk for stort bildeØksnevad vidaregåande skule. Thor Erik Waage, Rogaland fylkeskommune

At rapporten var presentert på Øksnevad er ikkje tilfeldig.  Skulen er nemleg svært viktig for rekrutteringa til landbruket og dermed for framtida i bransjen.  

Næringssjef May Endresen i Rogaland fylkeskommune understrekte det då ho ynskte velkomen til presentasjonen av rapporten

– Rogaland er ei berebjelke i matproduksjonen i landet og også ei berebjelke for næringslivet. Det er faktisk ikkje mogleg å overdrive kor viktig Rogaland er som jordbruksfylke. Denne rapporten var naudsynt no. Forrige rapport var tufta på tal frå 2017. Denne er basert på tal frå 2022, som gir eit betre bilete av utviklinga. Rapporten vert viktig som ein del av grunnlaget for beslutningar framover, seier Endresen.

Oversiktsbilde auditoriet med mange folk som følger med på en presentasjon. - Klikk for stort bildeVerdiskapingsrapporten vart presentert i auditoriet ved Øksnevad vidaregåande skule. Thor Erik Waage, Rogaland fylkeskommune

Størst verdiskaping med minst klimautslepp

Styreleiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, meinte den ferske rapporten syner at det jobbes godt i landbruksnæringa i Rogaland. 

– Landbruket i Rogaland er særleg vitalt. Det er ingen andre stader i landet som er i nærleiken. Det er i Rogaland ein får mest matproduksjon og størst verdiskaping med minst klimautslepp. Me ser også at verdiskapinga aukar i alle fylkets kommunar. Det er veldig positivt, fortalde Hustoft tilhøyrarane på Øksnevad.

Les heile verdiskapingsrapporten her (PDF, 13 MB)

Sjå verdiskapinga kommune for kommune (PDF, 304 kB)

Hovudpunkt i rapporten: Verdiskaping

  • Verdiskapinga i landbruket aukar med 22 prosent. Det tilsvarer 4,2 mrd. kr. og ein auke på 747 millionar kroner.
  • Verdiskapinga aukar i alle fylkets kommunar.
  • Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og landbruksbasert industri = 9,6 milliardar kroner.
  • Dette utgjer 3,1 prosent av den totale verdiskapinga i fylket – marginalt høgare /0,5 prosent meir, enn i 2022.
  • Verdiskapinga per årsverk i jordbruket, målt som bruttoprodukt per årsverk, er på 670 000 kr. per årsverk. Det er ein auke på 111 423 kroner per årsverk sidan 2017.
  • Av Rogaland-jordbrukets produksjonsinntekter (verdien av varer og tenester produsert på eit år) kjem 78 prosent frå marknaden, 22 prosent kjem frå offentlege tilskot (produksjonsinntekter).

Av Noregs samla produksjon står Rogaland for:

  • Mjølk: 18,7 prosent
  • Storfekjøt: 17,4 prosent
  • Svinekjøt: 28,2 prosent
  • Sauekjøt: 22,2 prosent
  • Egg: 26,6 prosent
  • Fjørfekjøt: 33,2 prosent 
  • Tomat: 92 prosent