Vestlandet foreinar kreftene i ny, felles næringsstrategi

Verftsindustri sett frå lufta - Klikk for stort bildeIllustrasjonsfoto frå Aker Solution sitt verft i Egersund.Med utarbeiding av felles næringsstrategi, så står Vestlandet endå sterkare saman om næringsutviklinga i landsdelen. Strategien viser for alvor felles interesser og felles muligheter for heile regionen.

– Med denne næringsstrategien ønskjer Vestlandsrådet å skape eit enda sterkare fundament for samarbeid, vekst og bærekraftig utvikling i regionen, sier Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal (Ap) og leiar for styringsgruppa for ny næringsstrategi.

Strategien som er blitt utarbeida i tett samarbeid med aktørar frå næringslivet, akademia og FOU-miljø langs heile Vestlandet, byggjer på regionen sine komparative fortrinn der havet og naturen gir enorme moglegheiter for vekst. Vestlandet har potensialet til å ta posisjonen som den fremste havregionen – ikkje berre i norsk næringsliv, men også internasjonalt. 

– På same måte som vi bygde olje- og offshorenæringa på skuldrane til shipping, må vi framover byggje nye næringar på skuldrane til olje- og offshorenæringa. Mykje av den leiande kunnskapen og teknologien opparbeida i den næringa kan bli overført og brukt innan andre, veksande havnæringar, seier Sigrid Brattabø Handegard i hovudutval for næring i Vestland fylke.

Kunnskap og teknologi

Næringsstrategien peikar óg på behovet for å bli betre på å eksportere kunnskap og teknologi. 

– Vestlandet har tradisjonelt vore veldig sterke på råvareeksport, no skal vi bli minst like flinke på teknologieksport, seier leiar Solveig Ege Tengesdal i Opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune. 

Næringslivet ønskjer at den statlege styringa og forvaltninga skal sitje tettare på naturressursane og næringsmiljøa dei skal fremje. 

– Vi skal difor jobbe for å få fleire offentlege arbeidsplassar til Vestlandet, samstundes som vi sikrar at Vestlandet oppnår ein rettmessig representasjon i dei utval og beslutningsorgan som legg føringane for næringsutviklinga i vår landsdel, seier Kjølmoen.

Ulike næringar involverte

Strategiarbeidet har involvert representantar frå ulike næringar, akademia og FOU-miljø, i tillegg til fylkespolitikarar og dei fylkeskommunale næringsavdelingane.  

– Nøkkelen til å lukkast med strategien er å styrkje dette samspelet óg på vegen vidare. Vi skal fremje felles interesser og skape ei felles, sterk røyst på vegne av næringslivet på Vestlandet, seier Tengesdal.

Media og andre interesserte kan følgje lanseringa direkte på nettsidene til Møre og Romsdal.

For ytterlegare informasjon: 

Kort om Vestlandsrådet: 

  • Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
  • Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg.
  • Vestlandsrådet består av representantar frå fylkestinget sine medlemmer i dei ulike fylka. 
  • Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang og i 2021 har Møre og Romsdal fylkeskommune med leiinga.