Byggeprosjektet strekker seg over 1,1 kilometer frå avkøyringa til Dragavika og fram til krysset Frakkagjerdvegen/Høievegen. Det vil gi tryggare veg for gåande og syklande, og betre veg for bilistane.
Fristen for å levere inn tilbod er 18. desember 2023. Etter at kontrakten er tildelt skal entreprenøren bygge ferdig innan utgangen av februar i 2025. Byggestart er tidleg vår 2024.
Kommunen og utviklingsselskap betalar
Prosjektet er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune, Tysvær kommune og Skeiseid utviklingsselskap. Kommunen skal fornye sitt vatn- og avløpsanlegg i omtrent 1500 meter, på same strekning. Gang- og sykkelvegen er finansiert av Tysvær kommune og Skeiseid utviklingsselskap. Rogaland fylkeskommune utvidar og utbetrar bilvegen, og leiar samarbeidsprosjektet.
Dette blir bygt
- 1,1 kilometer ny gang- og sykkelveg med rabatt.
- dagens veg blir utvida
- nytt lysanlegg
- skilt og oppmerking
- nytt vatn og avløp