Egersund bru skal få nytt rekkverk
Årsaka er at rekkverket på brua er i for dårleg stand, og eit mellombels rekkverk skal settast ut.
– Det blir ikkje nokon innsnevringar i vegbanen då rekkverket blir plassert på betongkantane som er plassert i ytterkanten av brua. Fylkeskommunen er i gang med å lage nytt rekkverk, men det er uvisst kor lenge det mellombels rekkverket må stå, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen.
Skilt om omkjøring blir satt opp.
Egersund bru