Freser opp asfalt på Fjogstadvegen – bilar må rekne med ventetid
Rogaland fylkeskommune planlegg å frese opp asfalt i Fjogstadvegen på Kleppe fredag 25. august frå klokka 09.00. Det er strekninga frå krysset ved Stasjonsvegen og i omtrent 770 meter i retning mot Postvegen, som skal få ny asfalt.
Publisert av Eilin Tvedt Gundersen
Publisert 24.08.2023 10.35
Her asfalterer entreprenør NCC på strekningen Njærheim-Vigrestad.
Jobben med å fjerne asfalten tek éin arbeidsdag, og det kjem til å bli støy og ventetid for bilistar. Trafikkdirigentar er til stades for å dirigere trafikken. Nøyaktig kva dag den nye asfalten blir lagt, er ikkje bestemt enno.