Markerer at 1900-krysset har blitt tryggare

Måndag 13. november markerer Rogaland fylkeskommune at rundkøyringa er ferdig, og Ole Ueland klypper snora for første gang som fylkesordførar.

Bilete frå rundkøyringa som er nesten ferdig - Klikk for stort bildeI 1900-krysset har det nå kome rundkøyring i staden for T-kryss. Det gjer det mykje tryggare for alle trafikantar.

Rogaland fylkeskommune har bygt rundkøyring i 1900-krysset på Bryne. Måndag 13. november blir opninga markert mellom Kvernelandsvegen og Garborgvegen, klokka 14.00. 

1900-krysset ligg mellom Kvernelandsvegen (fylkesveg 506) og Garborgvegen (fylkesveg 505), rett aust for Bryne. Når T-krysset nå er bytta ut med ei rundkøyring, blir det meir oversiktleg og tryggare for trafikantane.

Program for opninga, 13:50‒15:00

Dei som ønskjer, kan møte opp ved 1900-krysset, mellom Kvernelandsveien og Garborgvegen i Time kommune. Det er mogleg å parkere på parkeringsplassen til Maurtuå barnehage, Lonarmyrvegen 1. 

Einingsleiar for veg og forvaltning i samferdsleavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Astrid Eide held tale. Det gjer også ordførar i Time, Andreas Vollsund, før fylkesordføraren klypper snora.

Etter snorklyppinga blir det kake og kaffi fram til klokka 15.

Fakta om rundkøyringa

  • kontrakt signert med Risa AS i midten av mai
  • kontraktsform har vore totalentreprise
  • sjølve rundkjøringa blei etablert i sommarferien
  • hovuddelen av byggearbeidet er utført i perioden 01.08–03.11
    Garborgvegen har vore stengt i 3-4 veker grunna bygging av kulvert for Timebekken
  • den nye rundkøyringa har tre armar
  • nytt opphøgd gangfelt i Garborgvegen
  • kostnadsramma er 19,7 millionar kroner

 

Vel møtt!