No passar Risa på fylkesvegane i heile Nord-Rogaland

1. september tok Risa AS over ansvaret for vedlikehald, reinhald og brøyting av fylkesvegane på Haugalandet. 

Mann og dame i gult arbeidstøy holder noen brøytestikker og tar hverandre i hånden - Klikk for stort bilde

– Me jobbar godt saman med Risa i Indre Ryfylke. No ser me fram til å ta med oss det gode samarbeidet til Haugalandet, seier Ann Mari Sandvin Hardeland leiar for drift og vedlikehald Nord-Rogaland i Rogaland fylkeskommune.

Risa skal følgja opp fylkesvegar og gang- og sykkelvegar i kommunane Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn og Utsira. Til saman får entreprenøren ansvar for å drifta og halda ved like 482 kilometer veg, der 74 kilometer av desse er gang- og sykkelvegar.
 

Fire av fem driftskontraktar

Med kontrakten på Haugalandet har Risa no fire av fem driftskontaktar i Rogaland fylkeskommune. Dette inkluderer begge driftskontraktane i Nord-Rogaland og dessutan driftskontraktane Høgsfjord og Dalane i Sør-Rogaland. Det er Presis vegdrift som følgjer opp vegane i Stavangerområdet.

30 personer forran lastebiler og annet utstyr til drift og vedlikehold - Klikk for stort bildeFredag 6. september hadde Rogaland fylkeskommune og Risa i markering for oppstart av ny driftskontrakt på fylkesvegane på Haugalandet


Best på pris og klimaløysingar

Risa vann Haugalandet-kontrakten med lågast pris og gode løysingar for å avgrensa utslepp av klimagassar. Kombinasjon av desse to tildelingskriteria bidrog til at Risa hadde det beste tilbodet.

– Risa har ein klimavennlege profil, og fleire av drift og vedlikehaldsoppgåvene vil bli utført med køyretøy som går på anten biogass og elektrisitet. Det var tre entreprenørar som leverte tilbod, noko som sikra ein god konkurranse og gjorde oss trygge på at rett entreprenør er vald, seier Hardeland.

Totalsummen på kontrakten er på godt 234 millionar kroner. Det var Mesta AS som hadde den forrige driftskontrakten på Haugalandet.

Fylkeskommunen har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane i Rogaland. Med drift meiner me oppgåver og rutinar som er nødvendige for at vegane skal fungera godt for den daglege bruken til trafikantane. Drift og vedlikehald av fylkesvegane skjer gjennom driftskontraktar.

To flagg og folk i gule arbeidsklær under - Klikk for stort bildeBjørn Risa og Ann Mari Sandvin Hardeland heldt gode talar om vidare samarbeid, for fylkeskommunen sine tilsette og Risas folk som skal jobba med drift og vedlikehald på Haugalandet. Etterpå vart det lunsj og kake.
Ung dame i gule arbeidsklær holder kakespade og skal ta en stykke sjokoladekake - Klikk for stort bildeLærling hos Risa Andrea Vea Handeland fekk ta det fyste kakestykket.