Entreprenøren er godt i gang med å male sykkelfelta raude. I slutten av veka blir entreprenøren ferdig med å male sykkelfelta på begge sider raude.
– Løysinga med heva sykkelfelt er ei løysing som har fått mykje skryt andre stader i landet. Nå gleder vi oss over at mjuke trafikantar i Randaberg får gode forhold. Det blir både tryggare og meir attraktivt å gå og sykle, seier byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune.
Torvmyrveien har fått sykkelfelt på begge sider, og sykkelfelta er einvegsregulert. Det betyr at ein syklar på same side, og same veg som bilane.
Skal evaluere løysinga
Sykkelstrategien for Nord-Jæren seier at ein skal bruke slike sykkelfelt der det er mogleg. Sykkelfaggruppa i Bymiljøpakken føreslo Torvmyrveien som ei fin strekning å prøve ut løysinga her i området.
– Sidan sykkelfelt som er skilt frå fortau og køyrebane med kantstein, er eit pilotprosjekt, kjem vi til å følgje nøye med og observere prosjektet i tida framover, forklarer byggeleiaren.
Ferdig til skulestart
Oppgraderinga av Torvmyrveien skulle vere ferdig i oktober, men allereie til skulestart i august skal alt vere klart.
– Vi såg i vinter at vi kunne bli ferdige til skulestart viss entreprenøren jobba lengre dagar. Det er viktig for innbyggarane at skuleelevane slepp anleggsarbeid nok ein haust. Difor har vi gjort det vi kan for å bli tidlegare ferdig, seier Hoftun Eik.
Prosjektet i Torvmyrveien blir finansiert av Bymiljøpakken.
I tillegg til sykkelfelta har Torvmyrveien fått nye lys, skilt og busstopp. Nokre eigedomar har også fått nye avkøyrsler og støttemurar.
Torvmyrveien er ein del av Bymiljøpakken.