Slik blir den nye rundkøyringa i Time når ho står ferdig i slutten av oktober.
‒ Vi skal bygge ein kulvert for Timebekken under fylkesvegen. Derfor må vi stenge vegen mens vi jobbar, forklarer byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune.
Vegen blir stengt i cirka to veker, frå 11. september. Omkøyring blir skilta.
1900-krysset ligg mellom Kvernelandsvegen (fylkesveg 506) og Garborgvegen (fylkesveg 505), rett aust for Bryne. Når ein nå bytter T-krysset med ei rundkøyring, blir det meir oversiktleg og tryggare for trafikantane.
Den nye rundkøyringa får tre armar. I Garborgvegen kjem også ein opphøgd felt der mjuke trafikantar kan krysse vegen.
Heile prosjektet med ny rundkøyring skal vere ferdig i slutten av oktober.
Risa AS er totalentreprenør for prosjektet.