Stipendvinnere 2023: Casper Vikingstad Lie og Hannes Carsten Reuter
Rogaland fylkeskommune oppretta i fjor eit nytt utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar innan bygnings- og fartøyvern. Formålet med stipendet er at handverkarar i Rogaland får utvikle seg fagleg innan bygnings- og fartøyvern, og stimulere til framleis innsats for kulturarven. Stipendet er på 75 000 kroner, og det er andre gong stipendet blir delt ut.
Båtbyggar Hannes Carsten Reuter
Elisabeth Krey Jenssen
Aukar kunnskapen
Hannes Carsten Reuter (48) er båtbyggar ved Engøyholmen kystkultursenter i Stavanger. Han vil bruke stipendet til å utforske samanhengen mellom båtar si form, byggeteknikk og bruksområde. Casper Vikingstad Lie (24) er tømrar og har spesialisert seg på tradisjonshandverk og restaurering av verneverdige bygg. Han vil bruke stipendet til å auke eigen kunnskap, og til å halde kurs for andre.
– Det er himla kjekt å få eit stipend som dette. Det gjer det mogleg for meg å bruke tid på å utvikle meg sjølv og fordjupe meg i teknikkar eg ønsker å lære meir om, og som eg vil lære vidare til andre. Det er ikkje så lett å ta seg tid til sånt i ein travel kvardag, fortel Casper.
Han jobbar med å restaurere verna hus og oppdraga står i kø. Casper skryter av miljøet i bransjen.
– Eg opplever eit veldig fint miljø mellom oss tradisjonshandverkarar. Spør eg om hjelp, så er folk opptatt av å lære fagkunnskapen vidare, seier Casper Vikingstad Lie.
Droppa vidaregåande og starta eige firma
Berre 20 år gammal starta Casper sitt eige firma.
– Eg begynte i lære som vanleg tømrar etter ungdomsskolen. Men, eg fann ut at det var mykje meir spennande å bygge hus med gamle verktøy og tradisjonar. Gleda av å jobbe med handverk og ta vare på verneverdige hus er drivkrafta mi. Stipendet vil eg bruke til å lære meir, blant anna om stavkonstruksjonar. Eg ønsker òg å lære meg å halde kurs for andre, seier Casper.
Tømrar Casper Vikingstad Lie
Øyvind Nesvåg
Trass i at han sjølv ikkje har gått på vidaregåande skole, så har han halde kurs for byggfag-elevar på vidaregåande skole. 24-åringen har kjøpt eit gammalt gardsbruk på Bokn som han restaurerer på fritida, med tradisjonelle verktøy, så klart. Her vil han ha verkstad og base for firmaet sitt, Tradisjonshandverkaren AS.
– Sjølv om tradisjonshandverk tek tid og kan vere komplisert, så er det på same tid enkelt. Eg er òg veldig oppteken av å lære vidare det eg kan, det er viktig for å ta vare på kulturarven, seier Vikingstad Lie.
Ein del av UNESCOs liste
Den nordiske tradisjonen med klinkbygde båtar er ein del av UNESCOs liste over menneskeslekta si immaterielle kulturarv. Båtbyggaren Hannes Carsten Reuter er oppteken av den kunnskapen og kulturarven det er å forme skroget til ein båt.
– Båtsamlinga på Engøyholmen og båtar i bruk gir verdifull informasjon når vi skal samanlikne ulike båtar og skrog, seier Hannes og legg til;
– Vi tradisjonshandverkarar må samlast og lage kunnskapsklynger. Vi er sterkare saman, og det er fint at vi kan dele kunnskap og erfaringar med kvarandre.
Bilethoggarkunst og båtbygging
Båtbyggaren har har hatt fleire ulike båtprosjekt dei 16 åra han har jobba på Engøyholmen. Han viser fram starten på eit lite «vikingskip» frå 800-talet, ein kopi av Gokstadfæringen, ein av dei tre småbåtane som blei funne saman med Gokstadskipet, Noregs største bevarte vikingskip.
Hannes Carsten Reuter
Elisabeth Krey Jenssen
– Det er første gong at eg bygger ein slik type båt. Det er eigentleg like mykje bilethoggarkunst som det er båtbygging, seier Hannes og viser fram det solide eikestykket som er hogd ut til eit vingestevn, noko som var typisk i baugen og akterenden på båtar og skip fram til 900-talet.
– Vi har ikkje kunnskap om korleis dei bygde trebåtane på 800-talet, derfor har vi valt å bruke ei litt meir moderne tilnærming.
Treverket finn han sjølv, i skogen eller hos lokale tømmerforhandlarar. Til skrogsidene har Hannes funne høgrevridd og venstrevridd furu som blir øksa og høvla før det skal festast i eikestykket og kjølen.
Skal ikkje berre vere fine
Mykje arbeid er gjorde for å dokumentere både større og mindre fartøy og båtar, men mindre på å forstå samanhengen mellom form, byggeteknikk og bruk og bruksområde. Det vil Reuter gjere noko med.
– Trebåtane skal ikkje berre vere fine, dei skal òg fungere godt i vatnet. Eg ønsker derfor utforske kva som er den beste fasongen til eit mindre båtskrog, og kvifor småbåtane er forma på ein viss måte. Stipendet gjer det mogleg for meg å jobbe med dette, og det er eg veldig glad for, seier Hannes Carsten Reuter.