Utset å stenge vegen til Sirdal ved Røyrdalen tunnel

Rogaland fylkeskommune utset rassikringsarbeidet vest for Røyrdalen tunnel på fylkesveg 450. Vegstrekninga skulle bli stengt i vekedagane frå måndag 11. november til fredag 22. november.

– Vi skal få til ei betre løysing for trafikkavviklinga og utset arbeidet, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune Alexander Torgersen.

Ny dato for når fjellsida ved Røyrdalen tunnel skal bli rassikra er førebels ikkje sett.
Røyrdalen tunnel ligg mellom Dirdal og Oltedal. For eitt år sidan gjekk eit større steinras på staden som skal rassikrast. 

–Vi skal fjerne lause steinar og sikre fjellsida for å hindre nye ras i vinter, seier Torgersen.

 Les: Omkøyringsveg via Norsk Stein etter ras på fylkesveg 450