Vestlandsrådet: Klimaendringar krev meir vegpengar

Klimaendringar med enda meir nedbør med både flaum og skred som resultat, krev at vi intensiverer arbeidet med vegvedlikehald. No må vi få meir pengar frå statleg hald, seier dei tre fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Store steinar ligg i vegbanen. To menn står mellom dei - Klikk for stort bildeFrå raset i Gloppedalsvegen i desember 2022

Dei har hatt møte i Vestlandsrådet 7. februar og fylkesordførarane Jon Askeland i Vestland, Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal, og Marianne Chesak i Rogaland var tydelege i krava.

Vedlikehaldsetterslepet langs fylkesvegane på Vestlandet er stort, og auka særleg etter 2010, då fylkeskommunane fekk overført ansvaret for ei rekke tidlegare riksvegstrekningar utan tilstrekkeleg økonomisk kompensasjon for dette. Sidan har det blitt innført ei rekke nasjonale krav som krev auka løyvingar til vegdrift, vedlikehald og oppgraderingar av bruer, tunnelar og ferjekaier. Dei siste åra har også våtare og villare vêr gitt fleire ustabile periodar. Samla har dette bidratt til auka behov for midlar til vedlikehald, samstundes som kostnadsutviklinga innanfor samferdselssektoren har vore formidabel. Det betyr at løyvingar til vedlikehald dei siste åra har gitt mindre att for pengane.

Våtare og villare vêr på Vestlandet

Vestlandet vil i følgje vêrprognosar som er utarbeidd bli ramma av både våtare og villare vêr i tida framover. Dette vil få store konsekvensar på Vestlandet, med auka risiko for flaum og erosjon, skred, dårleg framkome og regularitet, samt auka behov for beredskap.

– Når vegar stengast på grunn av skred er det ikkje berre framkome som rammast gjennom lange omkøyringsvegar, det gjer folk sin kvardag utrygg, seier Jon Askeland, leiar i  Vestlandsrådet og fylkesordførar i Vestland.
 

Ein mann og to damer står oppstilt for fotografen - Klikk for stort bildeFylkesordføraren i Vestland Jon Askeland, fylkesordøraren i Rogaland Marianne Chesak og Line Hatmosø Hoem som er fylkesordførar i Møre og Romsdal Foto: Henning Elgåen, Aurland kommune

Lågare løyving

Vestlandsrådet er positiv til den øyremerkte statlege tilskotsordninga til vedlikehald av fylkesvegnettet, men tilskotsordninga vart ikkje trappa opp i statsbudsjettet for 2023 i samsvar med det som var lagt opp til i Nasjonal transportplan for 2022–2033. Det er i Nasjonal transportplan lagt opp til ei årleg gjennomsnittleg løyving på 775 mill.kr for åra 2022–2027, i statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 389,6 mill. kroner til dette formålet.

– Fylkeskommunane vil prioritere dette så høgt som mogeleg innanfor eigne budsjett, men treng statleg medfinansiering for å kunne ta att etterslepet, fortset Askeland.

Naudsynt med statleg medfinansiering

Ei kraftig opptrapping av den statlege medfinansieringa for vedlikehald av fylkesvegnettet er naudsynt for å kunne stanse og redusere veksten i vedlikehaldsetterslepet. Vestlandsrådet ber derfor regjeringa og Stortinget om å auke det øyremerka tilskotet til vedlikehald av fylkesvegane i statsbudsjettet for 2024, i tråd med det som vart varsla i Nasjonal transportplan for 2022-2033.

Kontaktpersonar:

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland – mobil: 47 45 97 20
Line Hatmosø Hoem, fylkesordførar i Møre og Romsdal – mobil: 98 65 17 84
Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland – mobil: 90 56 90 01

Om Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og såleis utgjere ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg. Vestlandsrådet har seks medlem med varamedlem frå kvar av dei tre deltakande fylkeskommunane. Fylkesordførar og fylkesvaraordførar fråd ei tre fylka skal vera medlem av rådet.

Leiar i 2023 er Jon Askeland,  fylkesordførar i Vestland. 

Les meir på Vestlandsrådet sin nettside.